Fagstoff

Tapasbord

Publisert: 18.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Tapas kjem frå Spania, og byr på mat med mykje smak.
  • Tapasbord i Noreg er ofte ein fornorska versjon av tapas.

Tapas (kollasj)

Tapas har blitt meir og meir vanleg i Noreg i seinare år. Der ein tidlegare serverte kaldtbord, serverer ein no like gjerne tapas. Tapas kjem frå Spania, og sjølve ordet tapas betyr å «dekkje til» eller «deksel» på spansk. Dette er ei nemning på små kalde eller varme rettar som opphavleg blei ete med eit glas vin til, som eit lite mellommåltid. Tapas består av mange små rettar og byr på noko for ein kvar smak. Det er vanskeleg å si eksakt kva som skal vere på eit tapasbord, men ofte finn ein nokre av desse rettane:

 

Bilete av ei chorizopølse på ein kniv, og eit glas sherry. Foto.Chorizo og sherry. Den elegante og kraftige smaken i sherry passar godt saman med krydra mat. 

  • Spekemat som chorizo og serranoskinke
  • Albondigas, spanske kjøtbollar
  • Skaldyr i ulike variantar
  • Marinert kylling
  • Tortilla, spansk omelett med potet
  • Ei assortert osteanretning
  • Gazpacho, spansk tomatsuppe
  • Lefser fylte med spekeskinke
  • Små poteter med krydder
  • Dadlar i bacon

Tilbehøyr

Brød: godt og smakfullt brød
Smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønskjer dette                                                                      Saus: ulike typar dressingar som aioli, tapenade og olje/eddikdressingar
Salatar: som tomatsalat, grøn salat, pastasalat
Oliven: eit utval av ulike typar oliven
Nøtter: salte og rista nøtter

 

Bilete av brød, smør, dressing, oliven og tapenade. Foto.Brød og smør, aioli, tapenade og oliven er godt tilbehøyr til tapas. 

Mengdeutrekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort tapasbordet er, og mengde kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person inkludert tilbehøyr. Les meir her:  mengdeberegning 

Drikke

Sherry, øl, lett raudvin eller fyldig kvitvin kan passe til. Les meir her: drikke til tapas 
Alkoholfritt: Eplemost, isvatn og mineralvatn.