Hopp til innhald

Fagstoff

Transportmodular

Her lærer du korleis transportmodular er tilpassa lasteromma i transportmidla for å sikre full utnytting av volumet i lasteromma.
Stabel med europaller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å sikre at transport- og lagerkapasiteten blir utnytta effektivt, er pallane standardiserte. Europallen er 80 x 120 cm og dimensjonert for å kunne bere ei last på 1000 kg når lasta ligg på ein gaffel, eller ei last på 4000 kg når pallen står på eit plant underlag. I praksis betyr dette at vi kan stable fire pallar med 1000 kg kvar i høgda utan at den underste pallen knekk saman.

Den største tillatne utvendige breidda ved køyring på europeiske vegar er

  • 2,55 meter for køyretøy utan isolerte vegger
  • 2,60 meter for køyretøy med isolerte vegger (termotransportar)

Dette legg opp til to moglege innvendige lastemønster i europeiske konteinarar.

Døme på  lastemønstera for europallar i ein konteinar. Maks utvendig breidde er 260 cm. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjøtransportkonteinarar er tilpassa ein annan pallstandard, sidan utvendig breidd av slike konteinarar berre er 2,5 meter.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Emballering og klargjøring