Hopp til innhald

Samfunnsoppdraget vårt

Læringsressursane våre er opne og fritt tilgjengelege. Opne lisensar betyr at lærarar, elevar og alle andre har bruksrett til alt vi produserer.

Opne læringsressursar er eit viktig satsingsområde for FN, og gjennom FN-organisasjonen Unesco har alle medlemslanda forplikta seg til å satse på opne læringsressursar / Open Educational Resources (OER).

Alle kan bruke NDLA

Åpne læringsressursar er ein av nøklane for å nå FNs berekraftsmål nummer 4 om god utdanning i kampen for å utrydde fattigdom og kjempe mot forskjellar.

NDLAs satsing på å dele, bruke, skape, forandre og redistribuere læringsressursar er med på å gi heile verdssamfunnet mogelegheit til livslang læring.

To unge menneske med ein smarttelefon på ein parkbenk. Mellom dei er det eit oppgåveark med ein QR-kode. Foto.

NDLA er størst i Noreg

Nasjonal digital læringsarena den klart største tilbydaren av opne læringsressursar i Noreg. På ndla.no finn du læremiddel i 139 eksamensfag i vidaregåande opplæring.

Vi tilbyr over 17 000 ressursar på bokmål og nynorsk, mellom anna i form av fagartiklar, oppgåver, podkastar, videoar, leseapplikasjonar, interaktive ressursar og filmtenesta vår NDLA film.

Teknologi og læring

Gjennom NDLA leverer Noreg eit solid bidrag til FNs målsetjing om god utdanning.

Det er ikkje berre NDLAs læringsressursar som er opne og tilgjengelege, men også teknologien og plattforma NDLA blir publisert på. Delar av teknologien vår er implementert av Global Digital Library, eit opent bibliotek med bøker sette om til over 70 språk, der målet er å hjelpe dei 617 millionar barn og unge i verda som framleis ikkje kan å lese.

Skal vere ein lagspelar

Noreg har forplikta seg til å satse på opne læringsressursar gjennom FN og Unesco.

NDLA vil vere ein lagspelar og samarbeidspartnar i utviklinga av opne ressursar og læremiddelteknologi i Noreg og resten av verda.

Vi ønsker at kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle!