Hopp til innhald

Kva gjer vi?

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) produserer opne digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring.
Illustrasjon som viser sentrale tall i NDLA
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formålet vårt er å bidra til auka samarbeid om undervisning og læring, utvikling og deling av kompetanse og dessutan til stimulering av tenestetilbod og teknologi innan edtech-sektoren.

På plattforma vår tilbyr vi over 17 000 læringsressursar i 146 eksamensfag. Læringsressursane våre har høg kvalitet, er fagleg oppdaterte, og dei er utvikla i samarbeid med dyktige lærarar og elevar. I 2021 hadde plattforma vår nesten 15 millionar besøk.

Det meste av ressursane våre er universelt utforma (uu). Dei er tilgjengelege på både bokmål og nynorsk. Vi tilbyr også nokre ressursar på samisk.