Bruk av KI
Kunstig intelligens (KI) er ein teknologi som alle kan nytte, og han kan vere eit formålstenleg verktøy. I NDLA har vi teke stilling til korleis vi vil bruke teknologien i innhaldsproduksjonen vår.
Dette er retningslinjene for innhaldsproduksjon på ndla.no:
KI kan brukast som verktøy i idéutvikling, manusarbeid og språkarbeid.
Artiklar som handlar om KI, kan ha KI-generert innhald som dømemateriale.
KI-generert medieinnhald (bilete, lyd, musikk, video) skal brukast med måte og skal i kvart enkelt tilfelle vurderast og registrerast hos biletansvarleg.
KI-generert medieinnhald skal merkast tydeleg.
NDLA publiserer ikkje materiale generert med programvare som har uavklarte opphavsrettslege problemstillingar.
Vi reviderer reglane våre jamleg på grunn av den raske utviklinga av teknologien. Vi opprettheld høg fagleg kvalitet, og alt innhald blir kontrollert nøye. Vi bruker ikkje KI-genererte tekstar på ndla.no.