Kven er vi?
NDLA er eit fylkeskommunalt samarbeid som tilbyr opne og fritt tilgjengelege læremiddel for vidaregåande opplæring. Medarbeidarane våre har solid fagleg og digital kompetanse, og mange jobbar òg i vidaregåande skule.

Organisering
NDLA er ein fylkeskommunal oppgåvefellesskap der alle fylkeskommunar i Noreg deltek.
Vi har eit fylkeskommunalt representantskap som øvste organ. Representantskapet består av medlemmer frå kvart eigarfylke, både folkevalde og administrativt tilsette. Styret blir leidd av Helge Kristian Galdal og består av representantar frå ulike fylke og fagområde. NDLA har i tillegg fylkeskontaktar som fungerer som bindeledd mellom fylka og NDLA.
NDLA har litt over 60 medarbeidarar. Dei arbeider i team som fokuserer på produksjon, brukskvalitet, utforsking av ny teknologi og kommunikasjon.
Historie
NDLA blei etablert i 2007 etter initiativ frå Kunnskapsdepartementet, og dei første læringsressursane blei lanserte i 2008. I 2013 var NDLA med på å etablere H5P, eit rammeverk for interaktivt undervisningsinnhald.
NDLA har fått fleire utmerkingar, inkludert Open Education Award for Excellence i 2017.
Bruken av NDLA har auka jamt over tid, og i 2025 hadde vi over 20 millioner besøk på plattforma vår. På ein vanleg skuledag har vi mellom 70 000 og 90 000 besøk.
Tal og rapportar
NDLA publiserer årlege rapportar om utvikling, besøk og bruk. Du kan lese dei siste årsmeldingane våre her:
- Årsmelding 2024(PDF)
- Årsmelding 2023(PDF)