Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0
Slik søker du jobb hos oss
Her er nokre viktige punkt du bør lese gjennom før du søker jobb hos oss:
Kven kan søke? Du må vere tilsett i ein av fylkeskommunane som samarbeider om NDLA. Relevant utdanning og kompetanse innan fagområdet er nødvendig. Erfaring frå undervisning i vidaregåande skule og produksjon av digitale læremiddel er ein fordel.
Praktiske opplysningar: Medarbeidarar i NDLA blir frikjøpte frå dei fylkeskommunale stillingane sine og jobbar vanlegvis frå heimekontor eller på skulen dei tilhøyrer.
Søknadsprosess: Send ein skriftleg søknad og cv til stilling@ndla.no, med kopi til teamleiaren nemnd i utlysingsteksten. Sjekk om det er krav til innsending av arbeidsprøve før du søker.
