Korleis søkje på stillingar i NDLA?
Gjer deg kjend med retningslinjene for å søkje stilling i NDLA.

Retningslinjer for å søkje stilling i NDLA
Du må vere tilsett i ein av fylkeskommunane i landet.
Medarbeidarar i NDLA blir frikjøpte frå dei fylkeskommunale stillingane sine.
Du må ha relevant utdanning og kompetanse innan det aktuelle fagområdet.
For pedagogiske stillingar: Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring.
Har du i tillegg erfaring frå produksjon av digitale læremiddel, vil det bli vektlagt.
Medarbeidarar i NDLA arbeider vanlegvis frå heimekontor eller eller frå arbeidsplassen i fylket sitt.
NDLA har tru på at mangfald fremjar utvikling. Vi ønskjer medarbeidarar som respekterer ulikskapar – uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonalitet, legning og personlegdom.
Ønskjer du å søkje på ei av utlysingane våre, sender du ein skriftleg søknad og CV-en din til stilling@ndla.no, med kopi til den teamleiaren som er nemnd i utlysingsteksten. Søknad må bli levert i PDF, Word eller tilsvarande. Vedlegg blir sendt direkte som filer.
Sjekk òg om det er stilt krav om innsending av eigenprodusert tekst eller arbeidsprøve før du søkjer.