Visjon og verdiar
Saman skaper vi framtidas læring!
Saman skaper vi framtidas læring.
NDLAs visjon er at vi skal tilby gode, opne digitale læremiddel for alle fag i vidaregåande opplæring. Det handlar om å gi elevar og lærarar gode digitale verktøy som ein del av undervisninga og dessutan tilby gode, pedagogiske opplegg gjennom opne digitale læremiddel.
Vi er utvikla i samarbeid med dyktige lærarar og elevar.
Vi er alltid fagleg oppdaterte.
Vi er tilgjengelege for alle – 24/7/365.
Vi er engasjerte
Vi ønsker å gjere det vesle ekstra, vi er nysgjerrige, og vi har alltid brukarane våre i fokus.
Vi er til å stole på
Vi kvalitetssikrar innhaldet vårt, vi er oppdaterte på kva som skjer innan utdanningsteknologi, og vi gir tryggleik for brukarane våre.
Vi er rause
Vi gjer kvarandre gode, vi er til for alle, vi inkluderer, og vi tek omsyn til innspela vi får.
Vi er opne
Vi har ein kultur for deling og samarbeid på tvers – med brukarar, medarbeidarar og andre aktørar. Det trur vi gir best resultat.
Med ein slik visjon og med eit slikt verdigrunnlag er vi trygge på at vi tilbyr kunnskap som er tilgjengeleg for alle.