Hopp til innhald

Samarbeida våre

NDLA har eit mangfald av samarbeidspartnarar i alle delar av verksemda.

NDLA er laga i samarbeid med dyktige lærarar og elevar. Derfor har vi etablert eit pilotskulesamarbeid der lærarar og elevar testar ut dei nye læringsressursane våre. Samarbeidet er essensielt for å sikre at vi heile tida utviklar læringsressursar som er relevante og brukarvennlege, og som bidreg til god læring.

I tillegg har fagredaksjonane dialog med fagekspertar frå universitet og høgskular, kompetansesenter og bransjar for yrkesfaga våre når vi utviklar lærestoffet. Nokre døme på dette er samarbeida vi har med Dembra (Demokrati mot fordommer og utenforskap), Universitetet i Agder, Statistisk sentralbyrå, Samtavla ved Universitetet i Oslo og Norsk Elektroteknisk Komite (NEK).

NDLA har som visjon å vere med på å skape framtidas læring. Derfor er innovative aktørar innan læringsteknologi viktige for oss. Kvart år går om lag halvparten av utgiftene våre til innkjøp i denne marknaden. Desse innkjøpa gir oss verdifulle samarbeid, og dei bidreg til at innovative aktørar i Noreg får viktig stimuli. Kunnskapsbedrifta Tidvis i Oslo er eit døme på eit slikt type samarbeid.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0