Hopp til innhald

NDLA si historie

Engasjementet vårt for åpne og motiverande læringsressursar i vidaregåande opplæring starta i 2007. Her følger eit utdrag av historia vår så langt.

  • 2007: NDLA blir etablert etter initiativ frå Kunnskapsdepartementet.

  • 2008: Dei første læringsressursane våre blir lanserte.

  • 2010: Det er 1,4 millionar besøk på nettstaden www.ndla.no.

  • 2013: NDLA er delaktig i etableringa av H5P, eit rammeverk for interaktivt undervisningsinnhald.

  • 2015: Det er 10 millionar besøk på nettstaden til NDLA.

  • 2017: NDLA blir tildelt Open Education Award for Excellence, den største internasjonale utmerkinga innan området opne læremiddel. NDLA vinn i kategorien Beste opne portal.

  • 2017: Norgesbarometeret gjennomfører ei læremiddelundersøking for KS der lærarane blant anna blir spurde om kva for læringsressursar av høg kvalitet dei bruker mest. Eit fleirtal av lærarane i vidaregåande opplæring oppgir NDLA som svar.

  • 2018: Plattforma Global Digtal Library (GDL) blir lansert. Ho er utvikla av NDLA og finansiert igjennom tilskot frå Norad.

  • 2019: 2 000 lærarar gjennomfører ei brukarundersøking om NDLA. Over 80 prosent av deltakarane seier seg heilt eller delvis einige i at at dei har tillit til innhald og kvalitet på fagressursane.

  • 2020: Koronaepidemien gjer at dei vidaregåande skulane i landet stenger. Bruken av NDLA aukar med 24 prosent, og ved utgangen av året passerer vi 17 millionar besøkande.

  • 2023: NDLA kan skilte med 16 000 ressursar på bokmål og nynorsk.

  • 2024: 87 prosent av dei over 2000 lærarane som deltar i brukarundersøkinga vår, svarer at dei er nøgd med kvaliteten på læringsressursane våre.