Organisering
Vi er organisert med eit fylkeskommunalt representantskap som øvste organ. Under dette har vi eit engasjert styre og ei tydeleg intern organisering.
Representantskapet er NDLAs øvste organ. Kvart av eigarfylka vel éin medlem til representantskapet. Det er både folkevalde og administrativt tilsette blant medlemmene.
Leiar
Representantskapet blir leia av politikar Per Ivar Lied (SP) frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Andre medlemar
Akershus: Anine Noren (politikar, H)
Buskerud: Simen Murud (politikar, H)
Innlandet: Joakim Ekset (politikar, H)
Vestfold: Torhild Svalestuen (seksjonsleiar)
Østfold: Kristine Hollup (seksjonsleiar)
Telemark: Stig Larsen (seksjonsleiar)
Agder: Arne Thomassen (fylkesordførar, H)
Rogaland: Kenneth Austrått (politikar, H)
Vestland: Åsmund Bertelsen (politikar, SV)
Trøndelag: Vegard Iversen (fylkesdirektør)
Nordland: Geir Hareide Hansen (fylkesdirektør)
Troms: Cecilie Mathisen (politikar, H)
Finnmark: Raymond Robertsen (politikar, H)
Styret i NDLA består av desse personane:
Helge Kristian Galdal (leiar), fylkessjef opplæring og folkehelse, Telemark
Martin Zeiffert, leiar for avdeling Tjenesteutvikling og samhandling, IKT Agder IKS
Elisabeth Vegsundvåg Tandstad, rektor ved Cissi Klein videregående skole i Trondheim
Siw Olsen Fjørtoft, forskar ved SINTEF Digital, avdeling teknologileiing
Inga Berntsen Rudi, medarbeidarrepresentant NDLA
Bjørn Lyngedal (vararepresentant), fylkesdirektør opplæring og kompetanse, Vestland
Haldor Hove (varamedarbeidarrepresentant NDLA)
Kvart eigarfylke har også ein NDLA-fylkeskontakt som fungerer som bindeledd mellom fylke og NDLA. Fylkeskontaktane er administrativt tilsette, gjerne med bruk av IKT i skulen som arbeidsområdet sitt.
Team Bygge og betre
Team Bygge og betre produserer og reviderer læremiddel og har ansvar for den faglege kvaliteten.
Team Bruke
Team Bruke er ansvarleg for brukskvaliteten hos NDLA. Teamet har fokus på brukarane og er i dialog med dei på ulike måtar.
Team ROS
Forkortinga ROS står for rådgiving og støtte. ROS-teamet hjelper dei andre teama og redaksjonane i NDLA i den løpande produksjonen og i forvaltning av eksisterande ressursar.
Team Utforske
Team Utforske ser på korleis NDLA kan utnytte teknologi og digitale verktøy til pedagogiske formål.
Team Kommunikasjon og marknad
Team Kommunikasjon og marknad arbeider med ekstern og intern kommunikasjon i NDLA.