Hopp til innhald

Fagstoff

Struktur og tekstur

Struktur betyr oppbygging. Det kan vere korleis eit materiale er sett saman, til dømes årringane til treet. Tekstur er overflateverknaden eller det stofflege til eit materiale. Vi kan til dømes oppleve overflater som mjuke, glatte, ru eller hårete.
Seks bilete av ulike materialar: eit mikroskopbilete av ei større, oval form med buktande, samanfiltra strengar rundt, vatn, svamp, tre, papir og metall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Struktur

Ei form eller eit produkt er som regel sette saman av fleire små eller store delar. Struktur betyr oppbygginga av eller samanhengen mellom delane.

Dersom du sagar eit tre, vi du kunne sjå årringane. Strukturen i eit materiale fortel om måten det er bygd opp på. Du kan òg skape ein struktur ved å omarbeide materiale, til dømes ved å flette trådar til eit teppe.

Nærbilete av gult perlestrikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstur

Tekstur er korleis ei overflate ser ut eller kjennest. Alle overflater har tekstur. Du kan til dømes oppleve ei form eller eit produkt som mjuk eller hard, blank eller matt, glatt eller ru. Ved å bruke kontrastar kan du skape merksemd.

Taktil tekstur

Taktil tekstur er korleis ei overflate kjennest når du tek på ho.

Keramikkfliser med ulike teksturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visuell tekstur

Visuell tekstur er korleis ei overflate ser ut. Det kan vere ein illusjon. Du kan til dømes teikne noko på eit glatt papir og få det til å sjå lodent ut.

6 kuler tegnet med ulike overflatevirkninger. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme på korleis ein kan skape visuell tekstur, er måleriet Soverom i Arles. Det er laga av den verdskjende, nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh i 1889. Van Gogh er kjend for å ha modernisert måleteknikkar. Han jobba med å uttrykke ulike stemningar gjennom, mellom anna, å eksperimentere med tekstur.

Dette var eit tydeleg brot med tradisjonelle teknikkar brukt av tidlegare målarar som jobba med å framstille verkelegheita så realistisk som mogleg.

Måleri av eit blåmåla soverom med seng, eit lite bord og to stolar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå og vurder

Ein nolevande kunstnar, Roy Lichtenstein, har måla sin eigen versjon av Soverom i Arles. Du kan sjå måleriet i Wikipedia.

Kva vil du seie kjenneteiknar teksturen i måleriet hans?

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Ellen Johansen og Anita Neby.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Formuttrykk