Hopp til innhald

Fagstoff

Formelement

Når du skal formgi noko, må du ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei god form. Då bør du kjenne til dei grunnleggjande formelementa.
Kvinne med heilt kortklipt hår på sidene og mykje hår på toppen som er styla til å stå opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å gi form i produksjon og til produkt

I alle yrke der du skaper eit produkt, utfører eit handverk eller designar ei løysing for ein kunde, gir du form til noko. Frisøren gir form til håret, og blomsterdekoratøren skaper former med blomstrar og plantemateriale. Interiørkonsulenten må kunne noko om samspelet mellom former. Dersom du skal designe ein bruksgjenstand som eit klesplagg, eit møbel, ein vase eller eit smykke, må du kunne gi form til gjenstanden på ein god måte.

Keramikk med ulike former. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnleggjande formelement

Uansett kva du gir form til i yrket ditt, må du kjenne til dei grunnleggjande formelementa. Du må kunne bruke og kombinere dei for å skape formuttrykk. Dei grunnleggjande elementa er

  • punkt
  • linje
  • flate
  • form

Punkt

Punkt som er plasserte på ulike måtar som gjer at dei dannar mønster. Illustrasjon.

Punktet er det enklaste formelementet. Set vi fleire punkt saman, vil det dukke opp usynlege lenkjer som gjer at vi kan sjå mønster.

Linje

Ei linje kan vi teikne, men vi kan òg sjå ei linje som vi føler oppstår mellom andre former. Til dømes vil fleire punkt kunne danne ei linje. Ein strek er alltid teikna, han er konkret med ei byrjing og ein slutt.

Stipla linje som buktar seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flate

Gul sirkel. Illustrasjon.

Når vi snakkar om flate, snakkar vi gjerne om overflata på noko. Ei flate er avgrensa. Flata er todimensjonal, men ho kan vere bøygd og følgje ei form.

Form

Gjenstandar er tredimensjonale. Ein gjenstand kan du sjå frå alle sider. Forma på ein gjenstand har eit rominnhald, og dette kallar vi volum. Forma kan vere massiv eller hol. Ein gjenstand kan òg vere sett saman av fleire former.

Kvit, rund keramikkvase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 01.07.2020

Læringsressursar

Formuttrykk