Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstur i produktutvikling og produksjon

Tekstur kjem av det latinske ordet for vev eller nett. Tekstur er eigenskapane som strukturen i eit materiale gir ei overflate. Visuelle og taktile teksturar er ein viktig del av produkt du designar, handverk du utfører, eller løysingar du lagar for kundar.

Taktil og visuell tekstur

Tekstur handlar om korleis vi opplever overflater. Ei glatt overflate kjennest annleis ut enn ei mjuk overflate. Vi kan både kjenne og sjå at overflater har ulik karakter.

Teksturen kan vi oppleve taktilt eller visuelt. Taktil betyr at du faktisk kan kjenne overflata om du tek på ho, mens ei visuell oppleving av tekstur er at ein kan førestille seg kjensla av teksturen ved å sjå på han. Teksturar kan brukast til å understreke former, kontrastar, kjensler og djupn.

Tenk over eller diskuter

Overflater kan til dømes vere glatte, ru, mjuke og harde. Kor mange ord kan du kome på som beskriv ulike overflater?

Fotografi som viser nærbilete av ein knallgul perlestrikka tekstil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teksturkontrastar

Fotografi av stol som er laga av formbøygd tre og stålrøyr.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan skape kontrast mellom to eller fleire materiale i eit produkt. Til dømes kan det vere kontrast mellom tre og metall, som i stolen her. Metall er glatt, og vi opplever det som kaldt og hardt. Tre er også hardt, men vi opplever overflata som langt varmare enn metallet.

Døme på teksturkontrastar:

  • ru mot glatt

  • matt mot blank

  • mjuk mot hard

  • grov mot fin

Harde, mjuke og plastiske materiale

Ulike materiale har ulik overflate eller tekstur. Det kan vere ei glatt og kald metallisk overflate, ei varm og loden overflate i tekstil eller ei ru og røff overflate i betong.

Fotografi av kvinne som sit i ein stol og ser ut eit vindauge mens ei lampe lyser i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av ein raud designstol.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kombinerer og set saman ulike overflater i produkt vi lagar, i omgivnadene våre og i antrekka våre.

Nokre produkt uttrykkjer harmoni, til dømes i eit interiør med naturlege materiale som tre, betong, keramikk, skinn og tekstil som ull og lin. Andre produkt tilfører meir kontrast, som til dømes ein stol i plast eller ei lampe i farga glas.

Fotografi av keramikkskrin med fliser framfor.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av teksturar i produktutvikling

Ein del av idéutviklinga og produksjonen av nye produkt er bruk av teksturar. Det er viktig å ha eit medvite forhold til korleis du bruker teksturar for å skape ulike stemningar og uttrykk. Å ta i bruk og setje saman ulike taktile materiale er ein naturleg del av produktutviklinga.

Dersom du skal jobbe med eit grafisk produkt eller visualisere ein idé todimensjonalt, bruker du også ulike teksturar visuelt. Du skaper inntrykk av ulike overflater gjennom den visuelle opplevinga vår av teksturane.

Fotomontasje som viser 20 bilete av ulike teksturar i mellom anna natur, interiør og maling.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Formuttrykk