Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bokbretting og form

God formforståing er viktig i alle handverksyrke. Alle former uttrykker noko, og vi bruker sansane når vi vurderer estetiske uttrykk som harmoni, skjønnheit og balanse. I denne oppgåva skal du bruke kasserte bøker som utgangspunkt. Brett sidene i boka slik at ho får ei ny form.
Bretta bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Du treng ei eller fleire kasserte bøker.

  2. Det finst ulike teknikkar innan bokbretting som du kan bruke for å skape tredimensjonal form. Søk på "book art", og følg ei oppskrift. Bruk gjerne ei bok til å teste ut ulike teknikkar.

  3. Dokumenter prosessen frå start til ferdig produkt. Presenter ved hjelp av bilete og fagord i ei digital forteljing.

  4. Vil du utfordre deg sjølv, kan du også lage eit eige design. Då dokumenterer du framgangsmåten steg for steg som ei oppskrift.

Trekant, kvadrat, sirkel, rektangel, rombe, trapes, parallellogram, oval, kube, kule, tetraeder, pyramide, prisme, halvkule, sylinder og kjegle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva som blir vektlagt i oppgåva

Formforståing

Ei bretta bok som heng frå taket. Foto.

Evna di til å sjå og vurdere form påverkar kvaliteten på arbeidet ditt. I denne oppgåva skaper du tredimensjonal form med utgangspunkt i ei bok. Du skal altså skape ei form som har utstrekning både i lengd, breidd og høgd.

Tre bretta bøker og farga kartong som dannar ei form som illustrerer ein rakett. Foto.

Nøyaktig arbeid

Å vere nøyaktig, uthaldande og tolmodig er viktige eigenskapar i arbeidslivet. I denne oppgåva trenar du opp desse eigenskapane. Forma du lagar, skal vere godt forma ut og nøyaktig laga til.

Formuttrykk

Bok som er bretta til vase, og fleire roser bretta i papir. Foto.

Form påverkar oss. Farge kan opplevast med auga, men vi vil gjerne både sjå og ta på ei form. Alle former uttrykker noko. Vi snakkar om formspråk eller formuttrykk når vi beskriv korleis former ser ut. Når vi vurderer estetiske uttrykk som harmoni, skjønnheit og balanse, bruker vi sansane våre.

Estetisk kvalitet

Både form og farge blir påverka av trendar. Ofte er marknadsføring like viktig som produktet, men det finst design som er like populært i dag som då produktet kom på marknaden. God estetisk kvalitet opplever vi som vakkert gjennom sansane våre.

Dokumenter prosessen med tekst, bilete, film og lyd

Digital forteljing er ei kort (2–5 minutt) multimedieforteljing, og ho består vanlegvis av eit lydspor (som oftast er det lese inn av forteljaren sjølv), tekst, illustrerande bilete (bruk eigne bilete) og nokre gonger illustrasjonar, teikningar, animasjonar og/eller video.

Du skal bruke fagord når du dokumenterer. Bruk gjerne skriveverktøyet til å skape ei god oppbygging av innhaldet.

Skriveramme

skriveramme

Tittel, namn og produktfoto

Innleiing

Beskriv med eigne ord kva oppgåva går ut på.

Hovuddel

Her dokumenterer du prosessen din, frå idé til ferdig produkt. Hugs foto og fagord.

Beskriv formuttrykk

Kva grunnform valde du å ta utgangspunkt i, og kvifor valde du denne forma?

Er forma addert eller subtrahert?

Er forma geometrisk eller organisk?

Er uttrykket forenkla, stilisert eller abstrahert?

Er forma lett eller tung, open eller lukka?

Har du jobba med ei dynamisk eller statisk form?

Teknikk

Dersom du laget ditt eige design, korleis jobba du med idéutvikling?

Kva teknikkar brukte du?

Forklar kvifor du brukte dei teknikkane.

Materiale

Kva materiale jobba du med?

På kva måte er dette materialet berekraftig?

Kvifor er det bra for miljøet med gjenbruk?

Handverk og kvalitet

Vurder dei estetiske kvalitetane ved produktet ditt.

Er forma godt forma ut, og er ho god å sjå på? Kvifor er ho det?

Har du jobba nøyaktig? Korleis er handverket utført?

Avslutning

Arbeidsprosess

Gjorde du nokre erfaringar undervegs som gjorde at du måtte endre planen din? Det kan til dømes vere endringar i framgangsmåte, teknikk eller måten du utførte handverket på.

Vurder arbeidet ditt

Korleis vart produktet ditt i forhold til idéen din?

Korleis har du utført arbeidet?

Kva er grunnen til at du er fornøgd eller ikkje fornøgd med produktet ditt?

Kva kunne du gjort annleis i arbeidet med produktet ditt?

Kva er grunnen til at du vart ferdig med alt innan fristen?

Kva har du lært i denne prosessen?

Filer

Relatert innhald

Vi snakkar om formspråk eller formuttrykk når vi beskriv korleis former ser ut. Her skal vi sjå på fagomgrep innan to- og tredimensjonal form.

I handverksfag kan du bli beden om å vurdere estetisk uttrykk. Men kva betyr eigentleg det?

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Formuttrykk