Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotografer kontrastar i nærmiljøet

Leit etter formkontrastar, storleikskontrastar, fargekontrastar, teksturkontrastar og materialkontrastar i interiør og arkitektur rundt deg. Gå tett på motiva og ta nærbilete som viser kontrastane godt.
Nærbilete av detaljar i utsmykking i ein steinvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving

Tema: arkitektur i nærområdet ditt.

  1. Fotografer arkitektur eller interiør som viser kontrastar.

  2. Gå tett på motivet og ta nært utsnitt.

  3. Finn minst eitt motiv med kvar av desse kontrastane:

    • fargekontrast

    • formkontrast

    • storleikskontrast

    • teksturkontrast

    • materialkontrast

Sitjegruppe med oransje stol med pute i blå kontrastfarge. Foto.
Svart og kvitt kirketårn mot blå himmel med lågare hus i forgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrastar

Alle komposisjonar bør ha kontrastar for å skape liv og merksemd. Store skilnader skaper store kontrastar, liv og spenning. Små kontrastar gir eit rolegare uttrykk.

Hus i massivtre med skrå veggar og karnapp med store vindauge. Foto.

Fargekontrast

Betongvegg og tregolv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan skape kontrastar mellom fargar som til dømes er varme og kalde, sterke og svake eller lyse og mørke.

Formkontrast

Du kan skape kontrastar mellom ulike former. Til dømes mellom ein sirkel og ein trekant, ei organisk og ei geometrisk form, ei høg og ei låg form, eller ei spiss og ei rund form.

Storleikskontrast

Kontrast mellom storleikar kan framheve gjenstandar. Du kan bruke ulike storleikar medvite for å overdrive noko.

Teksturkontrast

Overflater kan kjennast rue, glatte, mjuke, harde, ruglete, lodne, kalde eller varme. Du kan setje saman ulike teksturar for å skape spenning og heilskap.

Materialkontrast

Når du set saman fleire ulike materiale, blir det skapt kontrastar mellom dei ulike materiala.

Relatert innhald

Ordet kontrast betyr «motsetnad» eller «forskjell». Store kontrastar skaper spenning, og små kontrastar skaper harmoni.

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Formuttrykk