Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Trendar, bruksform og dekor

Bruksform er gjenstandar som har ein nytteverdi.
Ein kopp skal til dømes vere god å drikke av. I tillegg har gjenstandane ei form og dekor som uttrykker ein stil. I denne oppgåva skal du lære om trendar og stil, og kunne bruke dette i eige design.

Bruksform og dekor

Bruksform er gjenstandar som har ein bestemd funksjon. I denne oppgåva kan du velje å jobbe med ei bruksform innan interesseområdet ditt. Materiala kan vere tekstil, tre, metall eller keramikk. Produktet kan til dømes vere ei t-skjorte, eit hårband, ein vase, ein turkopp, ein stol, ei sleiv eller serviettringar.

Du skal lage tre dekorforslag for ein kolleksjon, til dømes dekor til tre t-skjorter. Bestem òg om du skal produsere produkta, redesigne eit eksisterande produkt, eller om du berre skal lage forslag til dekor.

To unge smilande kvinner framom eit gjerde og planter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Yrkesrett oppgåva di og vel ei bruksform

Gjennom ei oppgåve som dette får du kunnskap om trendar, fargar og form. Du kan jobbe i mjuke, harde eller plastiske materiale innan eit valfritt handverk.

Vel ei bruksform og set ho gjerne inn i ein kontekst. Arbeider du innan frisørfag, kan du til dømes bruke hårband og hår til å jobbe med trend, form og fargar. Har du valt interiør, kan du redesigne ein stol og setje han inn i eit interiør. Du kan redesigne ein eksisterande vase. Då kan du samtidig jobbe med trend, fargar og form i ein blomsterbukett som du plasserer i vasen.

Kopp som døme

Vidare tek vi utgangspunkt i dekorforslag til ein kopp, for å vise eit døme på ein arbeidsprosess. Kanskje har de tilgang på sublimeringsskrivar og kopp-presse på skulen eller i ein skaparverkstad?

Tre koppar med ulik dekor. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Set deg inn i ulike trendar

Du skal lage tre ulike dekorforslag. Dei tre designa skal vere del av ein kolleksjon. Du skal ta utgangspunkt i trendar og trendfargar for kommande sesong. Orienter deg i fargetrendane for i år. Du kan òg besøkje ein fargeforhandlar og få fargeprøvar der.

Døme frå trendinstituttet PEJ

Vidare i denne oppgåva tek vi utgangspunkt i fire skildringar av trendar for vår og sommar 2021 frå trendinstituttet PEJ. Dei beskriv trendane i fire fargepalettar og knyter dei til personlegdommane vandreren, arbeideren, sanseren og drømmeren.

Del 3: Eksperimenter med fargar og tekstur

Du skal eksperimentere med fargar og tekstur. Deretter bruker du
utprøvingane og inspirasjon frå trendane for å lage dekor til produktet ditt. Du kan bruke foto, måling, teikning, ulike overflatebehandlingar eller anna i eksperimenteringa. Omarbeid gjerne utprøvingane vidare digitalt.

20 foto av ulike teksturer avbildet blant annet i natur, interiør og maling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Jobb med komposisjon

Lag skisser der du jobbar med ulike komposisjonar for dekoren. Prøv ut ulike form- og fargekombinasjonar i mange og varierte skisser.

Strekteikning av blad. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Komposisjon av blad som skaper ein dekor med former og fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Produksjon

Lag produktet ditt. Sy til dømes hårbandet og bruk det i ein frisyre. Redesign stolen, lag tresleiva eller trykk på t-skjorta. Dekorer vasen og set saman buketten, eller lag serviettringar i metall. Dersom du vil jobbe med kopp, kan du trykkje den dekoren du liker best ved å bruke sublimeringsskrivar og kopp-presse.

Blå og kvit stol med stolbein i lyst tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 6: Visualiser dekor på bruksforma

Ein plansje er fleire enkeltelement, til dømes fotografi, teikningar eller tekst, som er sett saman på eitt ark. Målet for ein presentasjonsplansje kan vere å lansere og gi informasjon om eit produkt.

Lag ein presentasjonsplansje ved å fotografere produktet ditt framom ein passande bakgrunn. Dersom du har redesigna ein stol, kan du setje han inn i eit interiør. Du kan ta produktfoto av tresleiva, vasen med blomster eller serviettringane. Har du laga ein frisyre, kan du ta eit portrettfoto.

Jobbar du med koppar, kan du lage ein presentasjonsplansje ved å fotografere koppane framom ein passande bakgrunn. Bruk eit biletredigeringsprogram for å leggje dekoren på koppane. Du kan òg laste ned foto av koppar som du legg dekor på, og lage ein bakgrunn digitalt.

Tre kopper med dekor. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 7: Marknadsføring i sosiale medium

Lag ein annonse for produkta dine. Annonsen skal innehalde namnet på kolleksjonen din og sesong for lansering, i tillegg til visualisering av produkta. Bestem ei målgruppe og vel ei passande plattform der du trur du får størst sal. Lag annonsen i det formatet som passar plattforma. Instagram har til dømes eit kvadratisk format og Facebook eit liggande format.

Tre koppar med dekor, namn på kolleksjon Silence og tag med teksten vårnyhet 2021. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 8: Eksponeringsdesign

Gå saman om å lage ei heilskapleg utstilling av produkta. Skap gjerne eit miljø rundt gjenstandane. De kan bruke plansjane eller foto for å lage banner i bakgrunnen. Brukstinga kan til dømes plasserast på podium eller henge ned frå taket.

Sjå korleis Anette Kogstad arrangerer tallerkenane sine på ein vegg i filmen under.

Filmen er laga av Birgit Solhaug for Norway Designs (2016) og ligg på NDLA sine nettsider med løyve frå Anette Krogstad.

Del 9: Dokumentasjon

Dokumenter og vurder eiga idéutvikling, eksperimentering, arbeidsprosess og det ferdige produktet. Bli samd med lærar om du skal presentere munnleg, levere skriftleg dokumentasjon eller dokumentere i ein film. Under filer finn du disposisjon til dokumentasjonen din.

Filer

Relatert innhald

Funksjon kan forklarast med bruksmåte. Formen på ein gjenstand viser korleis funksjon og uttrykk heng saman. Utsjånad og bruksmåte er ikkje tilfeldig.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2020

Læringsressursar

Formuttrykk