Hopp til innhald

Fagstoff

Estetisk uttrykk

I handverksfag kan du bli beden om å vurdere estetisk uttrykk. Men kva betyr eigentleg det?
Lenestol i lakkert bøk med fletta sete og rygg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Estetikk

Estetikk er læra om det skjønne. Ordet kjem frå det greske ordet aísthēsis som betyr "sansing". Vi bruker sansane når vi vurderer estetiske uttrykk som harmoni, venleik og balanse. Dette kan vi oppleve i naturen, i omgivnadene våre, i gjenstandar og i kunst, handverk og design.

Gudinna Venus står på eit skjel som er kome opp frå havet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Estetisk kvalitet

God estetisk kvalitet opplever vi som vakkert gjennom sansane våre. Det kan vere eit handverksprodukt som er godt utforma og laga med nøyaktigheit. Arbeider du med eit oppdrag frå andre, blir det viktig å ta estetiske val i samsvar med ønska og behova til kunden.

Synet på estetikk kan vere kulturbestemt

Ulike kulturar kan ha ulike ideal for estetiske uttrykk. I Islam, til dømes, er kalligrafi ei viktig kunstform som blir brukt til å utsmykke Koranens ord.

Arabisk skrift på plakat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handverksfagleg kvalitet

Når du skal vurdere kvaliteten i eit handverk, ser du på korleis handverket er utført. Korleis opplever du form, farge- og materialbruk? Det estetiske uttrykket er ein viktig del av vurderinga. Du bør òg undersøkje kor haldbart produktet er, og om det fungerer til bruksområde.

Trekopp med inngravert ornamentikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Hanne Merethe Riskedal Staurland og Anita Neby.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Formuttrykk