Hopp til innhald

Fagstoff

Merkeverdi og krafta i ei merkevare

Kvifor trur du at nokre merkevarer sest på som meir eksklusive og signaliserer status? Luksusmerke innan mote som Chanel, Louis Vuitton og Gucci er døme på merkevarer med høg merkeverdi.
Veske frå Louis Vuitton med gullskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Louis Vuitton som døme

Louis Vuitton vart etablert i 1854 i Paris i Frankrike. Mest kjent er kanskje veskene og koffertane til luksusmerket med den karakteristiske logoen. I 1977 hadde Louis Vuitton berre to butikkar på verdsbasis. I dag finst det over 400 butikkar rundt om i verda.

For eit merke som Louis Vuitton er det viktig med ein fin balansegang mellom det å vere tilgjengeleg for folk flest og å behalde eksklusiviteten hos dei pengesterke. Vi kan tenkje oss ein pyramidemodell:

Pyramide med tre nivå.
Nedst: Tekst: Tilgjengelege luksusprodukt. Bilete: Louis Vuitton-nøkkelring.
I midten: Tekst: Eksklusive luksusprodukt. Bilete: Louis Vuitton-veske.
Øvst: Tekst: Spesielt eksklusive, skreddarsydde luksusprodukt. Bilete: Veske i gull.
Illustrasjon/Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På toppen av pyramiden kan vi sjå for oss eit eksklusivt spesialprodukt, som til dømes ei veske med ekte gull eller diamantar, som berre finst i eit avgrensa opplag.

Eit døme på produkt i det midtarste nivået, kan vere ein Louis Vuitton-veske med det ikoniske designet.

På det nedste nivået i pyramiden kan vi tenkje oss meir tilgjengelege produkt frå Louis Vuitton, som til dømes eit belte, ein paraply, ein nøkkelring, ein parfyme eller ei solbrille.

Produkt i dei to øvste nivåa i pyramiden, er kanskje ikkje noko dei fleste har eller tek seg råd til. Viss vi ser på det nedste nivået i pyramiden, kan det å kjøpe seg parfyme, nøkkelring, solbriller eller liknande frå eit luksusmerke som Louis Vuitton vere meir oppnåeleg. På den måten kan fleire knyte til seg noko av eksklusiviteten til merkevara gjennom meir tilgjengelege produkt.

Ein Louis Vuitton-nøkkelring i gull og svart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Louis Vuitton-logoen er ein av dei mest kjende i verda, og verksemda er mykje utsett for kopiering. Falske merkevarer er ulovleg, og Louis Vuitton nyttar store ressursar på å stoppe dette.

Tenk etter!

Kva er problematisk med falske merkevarer?

Merkevarekåringar

Interbrand er eit konsulentfirma som kvart år publiserer ei oversikt over dei mest verdifulle merkevarene i verda. Apple vart i 2020 kåra til den mest verdifulle merkevara i verda. Amazon kom på plass nummer to i denne kåringa. Amazon er den største nettbutikken i verda, og det er truleg berre eit tidsspørsmål før Amazon gjer sitt inntog i Noreg.

Kantar gjennomfører òg ei årleg kåring i Noreg, som tek for seg nordmenn sine kjennskapar og preferansar til forbrukar- og medierelaterte merkevarer. I 2020 var det NRK som toppa den norske lista. Dei neste plasseringane på lista er oppvaskmiddelet Zalo, osten Norvegia frå Tine, dopapirprodusenten Lambi og Wasa knekkebrød.

Krafta i ei merkevare

Merkevarer blir knytte opp mot status, kjensler og historier. Korleis produkt oppnår visse tilleggsfordelar og verdi i kraft av sjølve merket, ser vi eit døme på her i klippet frå NRK-serien Avkledd. Jenny Skavlan gjennomfører eit eksperiment på Vestkanttorget, som kan illustrere litt av krafta i ei merkevare. Sjå gjerne frå 10:51–18:09:

Chanel

I filmen Coco før Chanel kan vi sjå noko av forhistoria til merkevara Chanel. Chanel er kanskje aller mest kjent for kjolen som har fått namnet "den vesle svarte", og ikkje minst parfymen Chanel No. 5. Parfymen er framleis blant verdas mest selde parfymar, nærare 100 år etter han først vart lansert i 1922. Du kan sjå filmen om Coco Chanel i tida før ho vart ein av dei mest innverknadsrike moteskaparane i verda, ved å gå inn i den relaterte artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Eit portrett av ein av dei viktigaste moteskaparane i verda før ho vart verdskjend.

McDonalds

I dag er McDonalds ei av dei mest kjende merkevarene i verda. I filmen The Founder kan du lære meir om dei første åra av historia om fastfood-imperiet. Du kan sjå filmen ved å gå inn i den relaterte artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

The Founder er eit biografisk drama om dei første åra til fastfood-kjeda McDonalds.

Kjelder

Interbrand. (2021). Best Global Brands. Henta 19. august 2021 frå https://interbrand.com/best-global-brands/


NTB. (2020, 15. mai). Ny merkevaremåling: NRK topper. Journalisten. https://journalisten.no/kantar-merkevare-nrk/ny-merkevaremaling-nrk-topper-tv-2-taper/413377

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Bygg merkevarer