Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå idé til merkevare

Kjenner du til Cutters og Adams Matkasse? Lasse Smedsvig blei i 2015 kåra av nettavisa E24 til «Årets merkevarebyggjar» for merkevarebygginga av Adams Matkasse. Lasse var òg ein av dei som starta opp Cutters i 2015. Kva kjenneteiknar merkevarebygginga til Cutters og Adams Matkasse?

Oppgåver til Adams Matkasse

  1. Kva var merkenamnet til Adams Matkasse i starten? Gjer greie for prosessen vidare når det gjaldt val av merkenamn for Adams Matkasse.
  2. Kven er målgruppa for Adams Matkasse?
  3. Kva fortel Lasse og Adam at var viktig for dei å tenkje på i oppstarten?
  4. På kva måte er design viktig for Adams Matkasse?
  5. Korleis uttrykkjer Lasse og Adam viktigheita av god service?
  6. Skriv eit oppsummerande avsnitt der du gjer greie for kva som kjenneteiknar Adams Matkasses merkevarebygging.

Per 2020 jobbar Lasse som marknadsansvarleg for frisørkjeda Cutters, som han var med og starta i 2015. Nedanfor forklarer han korleis han har bygd opp merkevara Cutters.

Oppgåver til Cutters

  1. Kva kjenneteiknar ei sterk merkevare?
  2. «Noko av det viktigaste då vi starta Cutters, var å byggje ei sterk merkevare», seier Lasse Smedsvig. Kva gjorde Cutters i starten for å prøve å byggje opp ei sterk merkevare?
  3. Beskriv merkeelementa til Cutters. Beskriv merkenamnet, design, logo, slagord og fargebruk.
  4. På kva måte er eigne produkt viktige for Cutters?
  5. Kva tenkjer du kjenneteiknar merkevara Cutters, etter å ha sett videoen?
  6. I kva grad synest du Cutters har lykkast i å byggje opp ei sterk merkevare?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2020

Læringsressursar

Bygg merkevarer