Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Sneakerheadz

Sneakers har gått frå å vere ein subkultur til å bli allemannseige. Filmen Sneakersheadz viser korleis mote- og reklamebransjen henta inspirasjon frå hiphop- og skate-kulturen for å nå ut til målgruppa med skorne dei sel.
En ung jente tar bilde av joggeskoene sine med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A Til refleksjon og diskusjon i tema trend:

  1. På kva måte er sneakers trend?
  2. Hva kjenneteiknar utviklinga av sneakers som trend?
  3. Innanfor kva for stilretningar kan ein plassere sneakers?
  4. Kor viktig er dine par sneakers for deg? Gi eit utdjupande svar.
  5. Spør ein person som vaks opp på 80–90-talet, om han eller ho hugsar dei første sneakersane sine, og kva for kjensler han eller ho hadde for desse skorne.

B Til refleksjon og diskusjon i tema marknadsføring:

  1. Beskriv kva som er typisk for marknadsføringa av sneakers slik ho blir beskriven i filmen.
  2. Beskriv kva som er typisk for marknadsføringa av sneakers slik du eller de opplever ho i dag.
  3. Diskuter fleire løysingar for korleis de tenkjer dykk sneakers skal marknadsførast i 2050. Ta med i vurderinga kjennskap til valdsbruk i USA, ein utvida og global marknad, og at Internett finst også i framtida. Moglegvis inneheld dessutan skorne i framtida avansert teknologi?
  4. Presenter løysingane for klassen, saman med ei skisse til ein marknadføringsplan og idear til medieprodukt som kan brukast i marknadsføringsarbeidet.

Relatert innhald

Dokumentarfilm om samlemani og fascinasjonen for ein bestemd skotype. Han viser at somme går langt i jakta på dei rette skorne.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2018

Læringsressursar

Bygg merkevarer