Hopp til innhald

Spelefilm

Coco Chanel

Kva er forhistoria til merkevara Chanel? I filmen Coco før Chanel blir vi kjende med Coco Chanel i tida før ho vart ein av dei mest innverknadsrike moteskaparane i verda.

Chanels tidlege år

Coco, eller Gabrielle som ho eigentleg heitte blant dei næraste, voks opp i fattige kår på ein barneheim på den franske landsbygda. Her vart 11-åringen etterlaten av faren sin etter at mora hennar døydde.

På barneheimen lærte ho å sy, og ho jobba etter kvart som syerske ved sida av ein karriere som kabaretsongarinne. Via kabaretteateret ho jobba ved, fekk ho innpass i dei finaste sosietetskrinsane i Paris.

Sjølv om ho fekk innpass, gjekk ho alltid sine eigne vegar. Ho vart sett på som ein sosial opprørar blant mange, både i kledevegen og elles i livsvala ho tok.

Coco Chanel skilde seg veldig ut frå andre kvinner i byrjinga av det 20. hundreåret. Ho gifta seg aldri og fekk ikkje barn.

Mens damene på den tida gjekk i lyse, overdådige kjolar med korsett som tok pusten frå deg, tok ho korsettet sitt av. Chanel vart etter kvart kjend for den enkle stilen sin.

Coco Chanel som moteskapar

Coco Chanel fornya og revolusjonerte motebiletet i dåtida. Kleda ho laga, var komfortable og maskuline, gjerne sydde i materiale som jersey og tweed. Ho gjekk gjerne med bukser, og favorittfargen var svart.

Chanels design framheva personlegdommen til kvinner og deira eige behov, ikkje kva som var forventa av dei.

Kvinner fekk plutseleg rørslefridom, og moten hennar reflekterte etter kvart òg tida ho levde i. På same tid som moteimperiet hennar voks fram, vart kvinnerørsla og kvinners rettar meir synlege og fekk større betyding i den vestlege verda.

Merkevara Chanel

Coco Chanel har betydd enormt mykje for moteverda, og i 1999 kåra Time Magazine ho til ein av dei hundre mest innverknadsrike personane i det 20. hundreåret.

Ho er kanskje aller mest kjend for kjolen som har fått namnet "den lille sorte", og ikkje minst parfymen Chanel No. 5. Parfymen er framleis blant dei mest selde parfymane i verda, nærare 100 år etter han først vart lansert i 1922.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald og Elisabeth Thoresen Olseng. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020

Læringsressursar

Bygg merkevarer