Hopp til innhald

Fagstoff

Konkurransemiddel

I arbeid med marknadskommunikasjon bør vi bruke det vi kallar konkurransemidla: produkt, pris, plassering, personale og påverknad. Desse blir også kalla dei 5 P-ar, og kan brukast som verkemiddel for å gjere ei merkevare kjend.

Produkt

Produktet må løyse eit behov du anten har identifisert eller skapt hos målgruppa. Det er ofte fleire som tilbyr relevante produkt, og då er det viktig å skilje seg ut. Fint design og gode verdiar som speler på ulike følelsar, kan bidra til at kundane legg merke til akkurat ditt produkt. Den fysiske innpakkinga, i form av kvalitet, utforming og emballasje, gir produktet ein visuell identitet.

Tenk over

Kva for eigenskapar ved eit produkt synest du bør framhevast? Kva vil du leggje vekt på i valet av ein visuell profil?

Pris

Kva for prisstrategi skal du velje? Du bør ha eit tydeleg og medvite forhold til pris. Vil du ha ein høg pris for å signalisere eksklusivitet? Eller ønskjer du å tiltrekkje deg kundar med ein låg pris? Dersom du legg deg på ein middels pris, er det vanskelegare å bruke prisen som eit verkemiddel for å byggje merkevare.

Tenk over

Kva for prisstrategi ville du ha valt?

Plassering

Plassering handlar både om fysisk plassering og distribusjonsmetode. Ei sentral plassering, til dømes på Karl Johan i Oslo, er kostbar, men kan vere svært verdifull for å gjere merkevara kjend. For selskap som Amazon er distribusjonskanalen på nett ein svært stor del av merkevara.

Tenk over

Korleis ville du ha valt plassering?

Personale

Merkevarer er bygde opp rundt ein ideologi, og denne må personalet få opplæring i. Kundeopplevinga personalet gir, må høyre saman med ein heilskapleg kommunikasjon av merkevara. Ved å skape gode kunderelasjonar og få fornøgde kundar, kan personalet bidra til lojalitet til merkevara.

Tenk over

Kva for rolle tenkjer du at personalet kan ha i oppbygginga av ei merkevare?

Påverknad

Vi bruker både produkt, pris, plassering og personalet aktivt når vi skal påverke målgruppa til å kjøpe ei merkevare. Vi må setje saman ein heilskapleg kommunikasjonsstrategi for påverknad, som gjer at kundane forstår konseptet vårt. Her er val av uttrykksform og kanalar for påverknad viktig.

Tenk over

Kva for marknadsføringskanalar tenkjer du det er viktig å bruke? Korleis synest du reklame og anna marknadsføring bør utformast?

Fagomgrep

Konkurransemiddel er verktøy bedrifta kan bruke for å oppnå auka sal, ofte kalla dei 5 P-ar.

Dei 5 P-ane er produkt, pris, plassering, personale og påverknad.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2022

Læringsressursar

Bygg merkevarer