Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjende og sterke merkevarer

Ei sterk merkevare kan gjere det enklare å få selt produkt. Merkevareidentiteten gjer produktet synleg og bidreg til at du vel dette produktet framfor eit mindre kjent produkt.
Flasker med Coca-Cola og Pepsi på pallar hos Meny Lagunen i Bergen, oktober 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Interbrand er eit konsulentfirma som årleg publiserer ei oversikt over dei mest verdifulle merkevarene i verda. Gå inn på oversikta over dei 100 mest verdifulle merka i verda og finn svaret på følgjande:

  1. Kva for eit merke er vurdert som den mest verdifulle merkevara i verda?
  2. Kva bransje har flest merkevarer blant topp 10?
  3. På kva plass kom Facebook?
  4. Kva matkjede kom høgast på lista?
  5. På kva plass kom høvesvis Coca-Cola og Pepsi?
  6. Kvifor trur du produkta har så ulik plassering når dei har omtrent like eigenskapar, lik pris, distribusjon og emballasje?
  7. Kva for nokre skandinaviske merkevarer finn du i oversikta?
  8. Kor mange av merkevarene kjenner du til?

Oppgåve 2

  1. Kva søkjemotor bruker du?
  2. Kvifor bruker du denne søkjemotoren?
  3. Er det andre faktorar enn funksjonalitet som påverkar valet ditt?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019

Læringsressursar

Bygg merkevarer