Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei merkevare?

Kjende merkevarer – smarttelefonar, brus, joggesko, hamburgarar – er ikkje berre fysiske produkt, dei har også med kjensler, status og tilhøyrsel å gjere. Merkevarer er eit viktig trekk ved forbrukarkulturen.
To unge kvinner med mobiltelefoner bak et vindu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei merkevare er eit produkt som blir selt under eit merke som er innarbeidd – til dømes iPhone og Mac som blir selde under merket Apple, og Apple er dermed ei merkevare.

Kjøper du ei merkevare, kan du ha ei oppleving av å ha kjøpt noko meir enn sjølve produktet. Når du kjøper ein iPhone, får du ikkje berre ein telefon, du kan føle eit fellesskap med andre som har iPhone, og han kan ha ein symboleffekt for deg. Han kan signalisere at du for eksempel er trendy, og at du har pengar.

Merkevare som kvalitetsstempel

Tenåringer som sitter i en sofa. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du kjøper ei merkevare, forventar du kvalitet. Du har gjerne kjøpt eit produkt frå same merke tidlegare, og det har gitt deg forventningar til merkevara. Merket fungerer dermed som eit kvalitetsstempel på produkta og tenestene.

Dei som sel merkevarer, slepp derfor å argumentere for kvaliteten til kvart enkelt produkt.

Som forbrukar forventar du at alle Levis-bukser har den same kvaliteten, sidan dei tilhøyrer det same merket.

Ei kjensle av identitet

Vi ønskjer tilhøyrsel og vel ofte sosialt aksepterte merke. Eit merke kan vere sosialt akseptert i omgangskretsen fordi det er kult, respektert og miljøvennleg. Ei merkevare er altså meir enn berre kvalitet, ho er også bygd opp rundt kjensler. Vi kjøper produkt som bidreg til å styrkje sjølvbiletet og gi ei kjensle av identitet – kven vi er, kven vi heng med, kva vi står for, livsstil og verdigrunnlag.

Eit merke har som oftast bygt posisjonen sin i marknaden over tid. Det har ofte ei historie som set i sving emosjonelle verdiar i forbrukaren sitt hovud. Ei merkevare skaper assosiasjonar, sympatiar og antipatiar hos ein person som blir eksponert for merkevara.

Kvifor byggje merkevarer?

Ei sterk merkevare vil auke bedrifta sin verdi. Merkevara kan gjere det enklare å få selt produkt og kan vere viktig for å lykkast med ei bedrift. Klarer du å skape ein relasjon til kundane dine via merkevarebygging, er det sannsynleg at dei held fram med å vere kundar.

Kva identitet skal merket ha?

For å kunne byggje ei sterk merkevare er det viktig å ha ein tydeleg identitet i botn. Du må vite kven du er som merke og byggje ein tydeleg merkevarestrategi ut frå dette. Kommunikasjonen ut til marknaden om merkevara må være tydeleg og gi ei heilskapleg forståing av merkevara.

Ei sterk merkevare:

  • speler på kjensler
  • skaper tilhøyrsel
  • byggjer identitet
  • viser at du er trendy
  • knyter seg til forteljingar
  • oppfyller draumar
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019

Læringsressursar

Bygg merkevarer