Hopp til innhald

Fagstoff

Findelt kost

Findelt kost må tilpassast behova til kvar enkelt pasient. Det er viktig å ikkje mose maten meir enn naudsynt. Findelt kost skal ha same næringsinnhald som kvardagskost. Hugs at findelt og mosa mat har dårlegare næringsverdi enn mat som ikkje er like findelt og godt kokt.

Bruksområde

Findelt kost blir nytta til

  • pasientar med dårlege tenner
  • pasientar med tyggeproblem
  • pasientar som er såre i munnhole og svelg (til dømes kreftpasientar)

For nokre pasientar må all mat mosast ved tillaging. For andre pasientar kan det vere nok å servere maten med ekstra saus, slik at dei kan mose maten sjølv. I nokre tilfelle kan du godt servere brød utan skorpe, eller du kan nytte graut. Serverer du brød utan skorpe, er det viktig at brødet er bakt med finmale mjøl, ikkje grovmale eller med frø. Grønsakene må vere godt kokte. Pasienten kan anten mose desse sjølv eller få dei ferdig mosa.

For å sikre at pasientane får nok energi, kan vi tilsetje fløyte, smør, egg eller rømme i grønsaks- og potetmos. Server aldri heilt kjøtt. Kjøttkaker kan du til dømes mose med gaffel, mens heilt kjøtt må mosast i ein miksar. Det same gjeld for fiskemat.

Appetittvekkande servering

Det er viktig å servere findelt kost slik at utsjånad og farge stimulerer appetitten. Ingrediensane bør derfor mosast kvar for seg. Bruk gjerne former når du legg opp maten. Ikkje mos alle ingrediensar saman. Då blir resultatet særs dårleg.

Most mat servert i former slik at det liknar på potet, blomkål og kjøt i saus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Bruk gjerne pynt i tillegg. Viss pasienten ikkje ønsker å ete pynten, kan han eller ho legge han til side. Sjå gjerne på bilete frå restaurantar for å få inspirasjon.

Forslag til dagsmeny

I tabellen under ser du korleis ein variert og næringsrik dagsmeny kan sjå ut.

Dagsmeny

Menyforslag

Frukost

  • 4 halve skiver brød med plantemargarin (1 med smørjeost, 2 med leverpostei, 1 med syltetøy)
  • 1 glas lettmjølk
  • 1 glas jus
  • kaffi/te

Mellommåltid

  • 1 fruktyoghurt eller 1 smoothie

Lunsj

  • 2,5 dl blomkålsuppe
  • 2 halve skiver brød med plantemargarin (1 med smørjeost, 1 med leverpostei)
  • 1 glas lettmjølk

Middag

  • 2 mosa poteter
  • 150 g mosa grønsaker
  • 100 g mosa fisk eller kjøtt
  • rikeleg med saus
  • karamellpudding

Kaffi/te

  • kaffi/te
  • formkake

Kveldsmat

  • 4 halve skiver brød med plantemargarin (2 med fiskepudding, 1 med smørjeost, 1 med syltetøy/banan)
  • 1 glas lettmjølk
  • kaffi/te
CC BY-SASkrive av Audun Moksheim og Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar