Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lage mat utan salt

I matlaging er salt viktig, både som smaksforsterkar og for å gi den saltsmaken mange set pris på. Men er det mogleg å lage smakfulle rettar utan salt?
Små haugar av ulike typar salt på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Planlegging

Gå saman i grupper på tre eller fire.

I denne oppgåva skal de lage ein rett beståande av steikt kjøt, grønsaksgarnityr, potetgarnityr og ein saus. De må passe på at dei ulike delane i retten harmonerer med kvarandre. De kan nytte ulike typar krydder og urter som finst på kjøkkenet, men ikkje salt eller sausar/krydder som inneheld mykje salt (til dømes soyasaus eller grillkrydder).

Set opp ein meny, og planlegg gjennomføring av oppgåva.

Oppgåve 2. Gjennomføring

Lag den planlagde retten på den tida faglærar har sett av til oppgåva.

Oppgåve 3. Vurdering av andre

Server retten gruppa di har laga, til ei av dei andre gruppene.

Dei som et, skal vurdere retten ut frå følgjande kriterium:

  1. Kva kan du seie om dei ulike delane av retten (kjøt, grønsaksgarnityr, potetgarnityr og saus). Kva smaker dei?
  2. Korleis harmonerer dei ulike delane av retten med kvarandre?
  3. Er det nokon av delane du føler at manglar smak?

Oppgåve 4. Evaluering av eige arbeid

  • Kva var den største utfordringa ved å lage ein rett utan salt?
  • Kva delar av retten meiner de ville ha vorte mykje betre viss de hadde fått nytte salt?
  • Er det nokon av delane de vart ekstra fornøgde med smaksmessig?
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar