Hopp til innhald

Fagstoff

Flytande kost

Den flytande kosten må ha ein heilt jamn og glatt konsistens utan bitar.
Glas med milkshake i forskjellige smakar og fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flytande kost blir nytta til

  • pasientar som har innsnevringar eller tronge parti i matrøyret
  • pasientar som gjennomfører mage- og tarmundersøkingar
  • pasientar som har vore gjennom operasjonar
  • pasientar med kjevelås
  • pasientar med tyggeproblem
  • pasientar med sårheit i munnhòle og svelg

Det trengst planlegging for at den flytande kosten skal bli så appetittvekkande og varierte som mogleg. I tillegg skal flytande kost innehalde tilstrekkeleg med energi (kaloriar) og næringsstoff. For å få til dette er det viktig med fleire mellommåltid i tillegg til dei vanlege måltida. Det er viktig at måltida består av fleire supper og drikker.

Flytande kost må vere heilt fri for klumpar slik at han kan etast med sugerøyr. Bruk derfor stavmiksar eller hurtigmiksar under tillaging.

Beriking

All mat som blir nytta til flytande kost, kan gjerast meir energirik med energihaldig pulver. Som eit alternativ kan ein òg gi pasienten eit supplement med næringsdrikker. Desse kan vi lage sjølve eller kjøpe ferdige. Dette er særleg viktig viss pasienten lir av stort vekttap. Vi kan òg gjere maten meir energirik med ekstra fløyte, rømme, smør eller egg.

Ei skål med grøn ertesuppe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til dagsmeny

I tabellen under ser du korleis ein variert og næringsrik dagsmeny kan sjå ut.

Dagsmeny

Menyforslag

Frukost

  • 2,5 dl tynn, flytande graut
  • 1 glas lettmjølk
  • 1 glas jus

Mellommåltid

  • heimelaga jordbærmilkshake

Lunsj

  • 2,5 dl aspargessuppe med mosa asparges
  • 1 glas lettmjølk

Mellommåltid

  • 1 stk. yoghurt med bærsmak

Middag

  • jamna potetpurésuppe med mosa kjøtt og grønsaker
  • gelé med vaniljesaus

Kaffi/te

  • kaffi/te
  • karamellpudding

Kvelds

  • tomatsuppe
  • 1 glas heilmjølk

Sein kvelds

  • 2,5 dl tynn graut
  • 1 glas surmjølk
CC BY-NC-SASkrive av Audun Moksheim og Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar