Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kosthaldsmesse for ulike grupper

Nøkkelrådskost er tilrådingane for alle friske menneske, men òg for sjuke personar så lenge dei har god ernæringsstatus. Ved enkelte diagnosar og sjukdomstilstandar er det likevel behov for eit tilpassa kosthald som ein del av behandlinga og for å førebygge forverring.
Kvinneleg helsefagarbeidar står med matserveringsbrett. I bakgrunnen sit ein smilande eldre mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som fagarbeidar skal du samarbeide med yrkesgrupper om å planleggje, lage og leggje til rette måltid i tråd med råd frå helsestyresmaktene. Mens nokre brukarar har behov for næringstett og energirik kost, er tilrådingane det motsette for andre.

I denne oppgåva kan de jobbe individuelt eller i grupper for å bli godt kjent med tilrådingane for dei ulike gruppene.

Førebuingar til kosthaldsmesse

  1. Vel eller fordel i klassen ulike diagnosar eller sjukdomstilstandar med behov for tilpassa kosthald. Det kan vere til dømes personar med diabetes, hjarte- og karsjukdom, obstipasjon, matoversensibilitet eller ein annan tilstand der tilpassa kosthald er ein sentral del av behandlinga.

  2. Bruk Kosthåndboken og fordjup dykk i tilrådingane for kosthald for personar med den tilstanden de skal jobbe med.

    1. Kva seier tilrådingane?

    2. Korleis skil desse råda seg frå nøkkelrådskost?

  3. Lag ein brosjyre som inneheld informasjon om kosthald og konkrete råd til personar med denne tilstanden. Hugs å gi opp kjeldene de hentar informasjon frå.

  4. Planlegg eit frukostmåltid basert på tilrådingane i oppgåve 1. Lag ein plakat med bilete av matvarene, og grunngi forslaga dykkar.

Praktisk gjennomføring

  1. Arranger ei kosthaldsmesse. Lag ein stand for kvar diagnose eller tilstand. Bruk plakatane og brosjyrane dykkar som informasjonsmateriell.

  2. Lag frukosten som de har foreslått, og ta med smaksprøver som de kan dele ut mens de informerer på stand.

  3. Heile klassen rullerer frå stand til stand slik at alle lærer om tilpassa kost til dei ulike gruppene.

  4. Inviter gjerne vg1, andre klassar eller dei tilsette på skulen til å besøkje kosthaldsmessa.

Refleksjon og diskusjon i klassen

  1. Kor stort var avviket mellom nøkkelrådskosten og maten som vart presentert på dei ulike standane?

  2. Kvifor er det viktig å tilpasse kosthaldet til helsetilstanden til den som skal ete maten?

  3. Korleis kan de som fagarbeidarar ta utgangspunkt i nøkkelrådskost og samtidig tilpasse kosthaldet til ulike diagnosar og tilstandar?

Relatert innhald

Nøkkelrådskost blir nytta til alle friske, i institusjon eller heimetenesta, med god ernæringsstatus.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2023

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar