Hopp til innhald

Fagstoff

Natriumredusert kost

1, 5 gram salt er nok til å dekkje dagsbehovet til ein vaksen person. Størstedelen av saltet vi får i oss, kjem frå heil- og halvfabrikata, ved tilsetjing av salt under produksjon og salting av ferdig mat på bordet.

Kven skal ha natriumredusert kost?

Natriumredusert kost blir nytta til personar som har høgt blodtrykk og mykje væske (ødem) i kroppen. Det kan vere ulike tilstandar som fører til opphoping av væske, som til dømes lever-, nyre- og hjartesvikt. Ved nyresvikt har kroppen problem med å skilje ut overflødig natrium, og dermed hopar det seg opp væske i kroppen ved inntak av mykje salt, og blodtrykket stig. Natrium bind vatn i kroppen, så når ein reduserer saltinntaket, blir det mindre væske i kroppen.

Ein kan òg nytte natriumredusert kost for å førebyggje desse sjukdommane.

Kosten kan lagast med ulik mengde natrium, alt etter sjukdomstilstand:

  • 5 gram salt per dag
  • 2 gram salt per dag

Ikkje tilset salt under tillaging eller på ferdige retter til pasientar som skal ha 2 gram salt per dag.

Ei mengde ulike matvarer dandert i fire rekkjer på bordet. Ei rekkje med kornvarer, ei rekkje med proteinrike matvarer som kjøt, egg, meieriprodukt og fisk, ei rekkje med frukt og ei rekkej med grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

matvaretabellen.no kan du sjekke saltinnhaldet i ulike varer.

Ernæringsmessige konsekvensar

Ved enkelte sjukdomstilstandar kan ein få dårleg matlyst. Saltfattig kost smakar mindre, og har ein dårleg appetitt, kan inntaket av mat bli for lite og det kan dermed bli for lite av energi og næringsstoff.

Pasienten vil gradvis venne seg til mindre salt i maten og etter kvart kjenne smakane av andre råvarer. I denne kosten er det som alltid viktig å hugse på at pasienten et med auga først.

Hugs

Til ein kost med redusert saltinnhald er det gunstig å nytte reine råvarer, og heller tilsetje salt når ein lagar til maten.

Natriumredusert kost blir òg kalla saltredusert kost, og nemningane blir nytta om kvarandre i institusjon.

Porsjonspose med salt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2022

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar