Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verdiar, haldningar og menneskesyn

Verdiar handlar om kva som er viktig for oss, og dei påverkar haldningane og handlingane våre. Kva verdiar har du, og korleis viser du kva som er viktig for deg?

Individuelle oppgåver

  1. Lag ei liste med verdiar som er viktige for deg.

  2. Kven har påverka verdiane dine?

  3. Korleis blir haldningane dine og menneskesynet ditt påverka av verdiane dine? Gi døme frå din eigen kvardag.

  4. Korleis kan ulike verdiar, haldningar og menneskesyn påverke yrkesutøvinga di? Grunngi svaret ditt.

  5. Bruk internett og søk i nettaviser. Finn døme på konfliktar som har oppstått eller vorte forverra fordi menneske har ulike verdiar, haldningar og menneskesyn.

Diskuter i grupper og i klassen

  1. Kva verdiar, haldningar og menneskesyn er viktige for ein fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene?

  2. Konfliktar kan oppstå dersom vi møter nokon med andre verdiar og haldningar enn oss sjølve. Korleis kan dette påverke arbeidsmiljøet?

  3. Korleis kan verdikonfliktar førebyggast og bli handterte? Bruk døma de har med frå spørsmål 5 i dei individuelle oppgåvene.

Verdiar i yrkesutøvinga

Vel dykk eit av yrka innan helse- og oppvekstfag, og lag grupper med to eller tre elevar som har valt same yrke.

  1. Søk på internett og finn ut kva verdiar, haldningar og menneskesyn som er sentrale for fagarbeidarar i dette yrket. Lag ei oversikt over desse som de kan presentere for klassen. Hugs å oppgi kjelder.

  2. Kva inneber det å arbeide i tråd med desse verdiane? Lag eit rollespel der de viser resten av klassen korleis dei gode haldningane og verdiane til fagarbeidaren kjem til syne i yrkesutøvinga.

Relatert innhald

Makt er eit viktig omgrep innan etikk, òg innan yrkesetikk. Som yrkesutøvar er du ofte den sterke parten overfor eit barn eller ein brukar som er sjuk.

Kvifor oppstår konfliktar, og korleis kan vi handtere konfliktar på jobb? Konflikttrappa er ein modell som forklarer korleis ein konflikt kan utvikle seg.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse