Hopp til innhald

Fagstoff

Makt i jobben som fagarbeidar

Makt er eit viktig omgrep innan etikk – òg innan yrkesetikk. Som yrkesutøvar er du ofte den sterke parten overfor eit barn eller ein brukar som er sjuk. Legg du opp til at brukaren får delta i små og store avgjerder, eller tek du avgjerder over hovudet på han eller henne?

Ei barnehand held i finger på ei vaksenhand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarmedverknad og medbestemming er lovfesta rettar for brukarane. Det kan vere vanskeleg å hugse dette i alle dei små tinga som skjer i kvardagen.

Brukaren er ny i rolla

Ortopediteknikar Schiba kjem i kontakt med unge Tor fordi han har behov for ein beinprotese etter ei ulykke. Schiba har kunnskap om korleis ein skal tilpasse protesar, men ho ser samtidig at Tor er deprimert og uinteressert i å få ny fot. Han synest det er vanskeleg å sjå på og godta den skadde kroppen sin. Schiba veit at det er viktig å kome tidleg i gang med behandlinga, men ho vel likevel å bruke god tid på å snakke med Tor og prøve å bli godt kjend med han. Ho er redd for å presse han til noko han ikkje er klar for, slik at han føler han mistar kontrollen endå meir. Denne tenkje- og veremåten påverkar oppfatninga Tor har av seg sjølv. Han føler seg verdifull trass alt.

Det er fort gjort å ta over styringa for nokon du opplever som svakare enn deg sjølv. Skilnader i alder, funksjonsevne, språklege ferdigheiter eller kunnskapar gir deg som yrkesutøvar ei moglegheit til å ta styringa i forholdet. Du har kunnskapane, du kjenner systemet, og du har kanskje utført dei same handlingane mange gonger.

Brukaren kan vere uvand med rolla si, slik som eit barn som akkurat har begynt på SFO, eller som Tor i eksempelet over. Brukaren må gi frå seg ei mengd personleg informasjon til yrkesutøvaren, men dette er ikkje gjensidig. Dette fører til eit asymmetrisk maktforhold, ein slags ubalanse i forholdet mellom yrkesutøvaren, som gir omsorg eller hjelp, og brukaren, som er avhengig av denne omsorga og hjelpa. Yrkesutøvaren held noko av livet til brukaren i sine hender, og i denne situasjonen er det viktig å ha etiske reglar.

Brukaren skal vere ein aktiv deltakar

Cato er barne- og ungdomsarbeidar på SFO og gir beskjed om at ungane skal kle på seg og gå ut. Even, som er ni år, spring rundt inne og hoiar. Cato kjeftar og kommanderer, men det hjelper lite.

Så stoppar Cato opp og spør seg sjølv kva årsaka til oppførselen til Even kan vere. Kva han kan gjere annleis. Han set seg roleg ned i garderoben. Etter kvar nærmar Even seg òg. Cato spør Even om han har lyst til å vere med ut. Even svarer at nokon i sjuande klasse ofte ertar han ute. Han gruer seg. Dette fekk barne- og ungdomsarbeidaren vite fordi han viste respekt og tok seg tid til å spørje og vente på svar. Det endra det forholdet dei hadde til kvarandre.

Motivasjon i staden for tvang

Ein profesjonell helsesekretær må vere like høfleg og hjelpsam uansett kva brukarar han eller ho kjem i kontakt med, og korleis desse oppfører seg. Barn som gruer seg til å ta blodprøve, må bli høyrde og forstådde når dei er redde. Tvang kan vere uheldig, og i mange tilfelle er det òg ulovleg.

Fagarbeidaren har òg kjensler

Nokre gonger kjenner yrkesutøvarar seg dårleg behandla av brukarane. Ein kan oppleve sjikanering og vald både på skolen og på institusjonar. Da er det lett for yrkesutøvaren å bli usikker, frustrert eller sint. Desse kjenslene kan han ikkje la gå ut over servicen til brukarane. Han kan be leiaren sin om rettleiing i korleis han på ein respektfull måte kan setje grenser for den negative oppførselen til brukarane.

Profesjonalitet

Ein kompetent fagarbeidar er stolt av yrket sitt og beherskar noko dei fleste ikkje kan. Dette skal du bruke til å skape tryggleik og tillit, ikkje til å heve deg over dei brukarane du skal gi service til.

Vis omnsyn

Hugs at brukaren er ein person med eigen vilje og eigne tankar og kjensler. Yrkesutøvaren skal berre vere ei støtte der brukaren treng omsorg eller hjelp.

Kvifor set barne- og ungdomsarbeidaren seg på kne når han skal hjelpe eleven. Kva gjer dette med maktforholdet mellom dei?

Korleis kan ein på ein respektfull måte setje grenser for den negative oppførselen til brukarar?

Ein kan utøve makt på ulike måtar:

  • ord
  • stemmebruk
  • blikk
  • posisjonering
  • fysiske tiltak
  • vald

Utfordringar til deg

  1. Kva forhold er det som legg grunnlaget for at fagarbeidaren kjem i ein maktposisjon i forhold til brukaren?
  2. På kva for nokre måtar kan ein vise makt?
  3. Korleis kan dei følgjande situasjonane løysast utan bruk av makt?
    • I barnehagen:
      Susanne på tre vil ikkje sitje roleg ved bordet.
    • På tannlegekontoret:
      Petter på fire vil ikkje gå ned frå den flotte tannlegestolen etter kontrollen.
    • På apoteket:
      Den gamle dama godtek ikkje at ho får ein annan type medisin, eit anna merke, enn det ho har brukt tidlegare.
    • På hudpleiesalongen:
      Kunden har ikkje følgt opp behandlinga frå førre time.
  4. Fordjuping:
    Er det lov å bruke tvang overfor brukarar? Diskuter i klassen. Finst det reglar for dette? Søk på Internett.
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Etikk i arbeidet