Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor må du kunne noko om etikk?

Vala vi tar er viktige for fleire enn oss sjølve. Som fagarbeidar i helse- og oppvekstsektoren kan du oppleve at vala gir både ønskte og uønskte konsekvensar for brukarane. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale. Det er mange omsyn å ta.
Ein pleiar held handa til ein pasient som ligg i ei seng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samhandling med andre

Som skal bli fagarbeidar i helse-og oppvekstsektoren, treng du kompetanse i å omgåast andre. Du kjem i kontakt med menneske som har ein annan kulturbakgrunn, religion eller livsførsel enn deg. Du vil møte både friske og sjuke menneske i alle aldrar, og du skal jobbe med menneske med nedsett funksjonsevne.

Du skal jobbe for og med menneske, både brukarar og kollegaer. Det du seier og gjer, påverkar samspelet ditt med andre. Derfor må du ha kjennskap til hovudtrekka i etikken, og du må trene deg i å bli bevisst på kva signal du gir. Andre menneske forventar at du behandlar dei med respekt, ikkje minst når du er i ei yrkesrolle. Måten du opptrer på, kan påverke dei oppfatningane andre har til seg sjølve.

Etisk refleksjon

Det finst ikkje ferdige svar på alle mellommenneskelege spørsmål. I ein del situasjonar må ein sjølv avgjere kva som er rett og gale. Kunnskap om etikk skal gjere deg i stand til å reflektere og vurdere for å finne fram til gode svar på dei spørsmåla som måtte dukke opp. Gjennom refleksjonar om etikk vil du bli førebudd på situasjonar som kan kome opp.

Som fagarbeidar vil du oppleve at det er mange rammer for kva du kan gjere, og kva du ikkje kan gjere. Desse rammene er bestemte av lovverk, økonomi, personalressursar og mykje anna. Du kan likevel gjere val som gir brukarane eit best mogleg tilbod innanfor dei eksisterande rammene.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Etikk i arbeidet