Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunnskap om etikk

Etikk er læra om rett og gale. Ordet etikk kjem av det greske ordet ethos, som betyr «skikk og vane». Ofte har menneske ulike meiningar om kva som er rett og gale. Både livssyn, verdiar og kultur påverkar oss. Kva som er rett og gale, endrar seg og over tid.
Justitia – statue som personifiserer lov og rettferd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
«Hvilken vei bør jeg velge? Mangen vei står meg åpen, og i valget kjenner man vismann fra tåpen.» (Ibsen, 1867)

Når du skal arbeide i helse- eller oppvekstsektoren, må du innrette deg etter andre menneske. Du vil møte menneske som kanskje har eit anna syn på rett og gale enn du sjølv har. Da vil kunnskap om etikk kunne hjelpe deg til å velje rett.

Tenk over

Etikk handlar om ulike tema.

  1. Lag eit tankekart for kvart av temaa. Etikk, etiske dilemma, verdiar, haldningar, å være menneske og yrkesetikk.
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller du kan lage ein eigen plan for deg sjølv.

Kilde

Ibsen, H. (1867). Peer Gynt. Henta frå https://www.ibsen.uio.no/DRVIT_PG%7CPGht.xhtml

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2018

Læringsressursar

Etikk i arbeidet