Hopp til innhald

Fagstoff

Heilskapleg menneskesyn

Det blir lagt vekt på at fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene skal jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn. Det vil seie at dei skal sjå på pasienten som ein heilskap. Mennesket er ikkje berre ein kropp med fysiske behov, det har òg andre sider og behov.
Ei babyhand i to vaksenhender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike menneskesyn

Det fysiske, psykiske, sosiale og åndelege eller kulturelle heng saman og påverkar kvarandre. Fagarbeidarar med eit heilskapleg menneskesyn fokuserer ikkje berre på å dekke det fysiske behovet som mennesket har for mat og personleg hygiene, men ser heile mennesket og prøver å dekke både dei fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og kulturelle behova samtidig.

Det motsette av eit heilskapleg menneskesyn er eit reduksjonistisk menneskesyn. Med eit reduksjonistisk menneskesynet fokuserer ein på dei ulike faktorane kvar for seg utan å ta omsyn til at dei påverkar kvarandre. Det menneskesynet du som fagarbeidar har, får innverknad på haldningane og oppførselen du viser overfor brukarane.

Grunnleggande behov

Dei grunnleggande behova er dei behova alle menneske har. Dei må vere dekte skal vi oppnå god helse. Desse behova er delte inn i fysiske, psykiske, sosiale og åndelege eller kulturelle behov. Dei heng saman og påverkar kvarandre, og når vi jobbar ut frå eit heilskapleg menneskesyn, må vi ta omsyn til alle behova.

Fysiske behov

Menneskekroppen er bygd opp av celler som dannar ulike organsystem. Organsystema har forskjellige funksjonar som skal halde oss i live og å gi oss god helse. Skal organsystema vere i stand til å gjere jobben sin, må vi få tilfredsstilt visse behov:

  • behovet for oksygen
  • behovet for væske
  • behovet for næringsstoff
  • behovet for eliminasjon
  • behovet for ein konstant kroppstemperatur
  • behovet for ein balanse mellom aktivitet, søvn og kvile
  • behovet for å unngå smerte
  • seksuelle behov

Psykiske behov

Dei psykiske behova våre handlar om kjenslene og tankane våre. Grunnleggande psykiske behov er til dømes

  • å føle seg trygg
  • å bli respektert
  • å ha eit positivt sjølvbilete og tru på seg sjølv
  • å kunne uttrykke kjensler som glede, kjærleik, sorg og sinne
  • å kunne lære og utvikle seg

Sosiale behov

Dei sosiale behova våre handlar om det å omgåast andre menneske. Omgivnadene våre og det at vi kan vere i lag med andre menneske, har mykje å seie for helse og trivsel. Grunnleggande sosiale behov er til dømes

  • å føle tilhøyrsel
  • å vere ein del av ein fellesskap
  • å få stadfesta oss sjølve
  • å bli akta og respektert
  • å ha ein stabil økonomi og gode butilhøve
Bursdagsfeiring med venner. Ei ung kvinne blæs ut kakelys med tre smilande venner rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Åndelege og kulturelle behov

Den åndelege og kulturelle sida ved oss handlar om korleis vi ser på livet og på oss sjølve. Dei åndelege og kulturelle behova handlar om meininga med livet – det som gir livet innhald og som gjer det verdt å leve.

Kva som gir livet meining, varierer frå menneske til menneske. Somme er engasjerte i religiøst arbeid, andre i politikk eller kultur. Dei åndelege og kulturelle behova er knytte til det livssynet kvart enkelt menneske har, og til normene, verdiane og haldningane. Grunnleggande åndelege og kulturelle behov kan vere

  • behovet for nestekjærleik
  • behovet for ei meining med livet
  • behovet for religiøse aktivitetar
  • behovet for kulturell stimuli
  • behovet for ei tru

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie at fagarbeidarar skal arbeide ut frå eit heilskapleg menneskesyn?
  2. Kva er det motsette av eit heilskapleg menneskesyn? Kva fokuserer dei med eit slikt menneskesyn på?
  3. På kva måte påverkar menneskesynet til fagarbeidaren måten han eller ho praktiserer yrket sitt på? Diskuter dette i klassen.

Relatert innhald

I helse- og oppvekstsektoren skal du kunne hjelpe, støtte og rettleie andre menneske til å vareta dei grunnlegjande behova sine.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse