Hopp til innhald

Fagstoff

Verdiar

Den norske velferdsstaten bygger på verdier som rettferdighet, likeverd og likestilling. Dette gjenspeiler seg i lovverket vårt. Som fagarbeider i helse- og oppvekstsektoren må du tenke over hvilke verdier som ligger til grunn for den jobben du skal utføre.
Familie på tur i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein verdi er noko som er viktig og betyr mykje. Vi snakkar gjerne om to typar verdiar, materielle verdiar og åndelege verdiar.

Materielle verdiar

Materielle verdiar er pengar, klede, bil, hus og andre ting vi omgir oss med. Slike ting kan gi ein person status og føre til at andre ser opp til vedkomande. Men ein person som har mange pengar, er ikkje meir verdifull som menneske enn andre.

Åndelege verdiar

Åndelege verdiar er for eksempel god helse, tryggleik, tillit, respekt og likeverd. Tillit og gjensidig fortrulegheit er nødvendig for å knyte vennskap og få til gode samarbeid. Likeverd betyr at alle menneske er like mykje verde.

Menneske har ulike syn på kva som er gode verdiar. For nokre er ein god utsjånad eller ein veltrena kropp det viktigaste. Andre meiner at omsorg for familien er viktigast. Vi vel aktivitetar ut frå dei verdiane vi har. For mange unge er det viktig ikkje å skilje seg ut, og dette fører til stort kjøpepress. Mange er usikre, men dei meiner dei opplever tryggleik og tilhøyrsle ved å ha dei «rette» tinga.

Dei verdiane vi synest er viktigast, kan vi finne att i lovverket. For eksempel er retten til å bestemme over sitt eige liv ein viktig verdi i samfunnet vårt. Derfor finn vi lover som sikrar at menneske kan seie meiningane sine i saker som angår dei, som for eksempel

  • pasientrettighetslova, som gir pasientar rett til å velje kva for eit sjukehus dei ønskjer å bli behandla ved
  • barnelova, som gir barn over sju år rett til å seie meininga si om kvar dei vil bu når foreldra flyttar frå kvarandre

Verdiar er kulturavhengige. Det ser vi når menneske frå ulike kulturar møtest, for eksempel når to menneske blir kjærastar og skal fungere saman. Likevel er det nokre verdiar som er felles for fleire kulturar. Respekten for eldre er eksempel på ein verdi som vi kan finne i mange ulike kulturar.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein verdi?
  2. Er materielle eller åndelege verdiar viktigast? Diskuter i klassen. Vil svaret alltid vere det same?
  3. Finn fleire eksempel på verdiar som er så viktige at dei har prega lovverket.
  4. Les om normer. Kva samanheng er det mellom verdiar og normer?
CC BY-SASkrive av Tove Bostad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse