Hopp til innhald

Fagstoff

Livssyn og tru

Livssyn famnar om både verdiar ein meiner er viktige, syn på verda og menneska og reglar for korleis ein skal leve. Dette er personlege spørsmål som er viktige for den enkelte. I Noreg er det religionsfridom, og ingen skal diskriminerast på grunn av trua si.
Religiøse symboler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Openheit om livssyn og tru vil auke kvaliteten på tenestene i helse- og oppvekstsektoren. Vi må bli kjende med og vise respekt for normene og reglane til kvarandre for å kunne fungere godt saman. Som fagarbeidar må du ha kunnskap om livssyn og tru hos brukarar du kan kome til å møte.

Religion og livssyn

Religiøse livssyn kallar vi gjerne tru fordi ho ber i seg trua på ein guddom eller ei høgare makt. Mange menneske trur på ein gud eller ein guddom. Tru er ein viktig verdi for oss, og vi skal ha respekt for trua til kvarandre. Møte mellom ulike religionar kan skape utfordringar i samspelet mellom menneske, men det gir òg eit verdifullt og spanande mangfald.

Dei fleste religionane har heilage bøker eller skrifter med nedskrivne reglar for korleis ein bør leve og oppføre seg mot kvarandre.

  • Kristendommen har ti bod som for eksempel seier at ein ikkje skal lyge eller stele.
  • Hinduismen har totalforbod mot å ta liv. Dette fører til at mange er vegetarianarar.
  • Nokre menneske trur sjukdom er ei straff frå dei høgare maktene og søkjer derfor ikkje lege når dei blir sjuke.
  • Nokre menneske ønskjer å samtale med ein prest når dei ligg for døden, andre ønskjer det ikkje.
  • I nokre land blir dei døde gravlagde like etter at dei er døde, medan vi i Noreg ventar nokre dagar.
  • Skal dei døde balsamerast eller kremerast? Synet på liv og død varierer.
Tre personer holder frem hver sin bok. Boka til venstre har et kors på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykning. Boka til høyre har hebraisk skrift med bilde av en skriftrull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yrkessituasjonar

Det er kveldsvakt på sjukeheimen, og denne kvelden har to tilsette ansvaret for tolv bebuarar. Kollegaen din er ei muslimsk kvinne som ifølgje trua si ikkje kan følgje menn til WC eller stelle dei nedantil. Det strir mot den personlege overtydinga hennar. Kva gjer de for at alle skal få god hjelp?

Det kan vere ei utfordring å samarbeide med menneske som har ei anna tru eller overtyding enn ein sjølv. Mange trusretningar feirar for eksempel ikkje jul. Er det da riktig å vente at ein barne- og ungdomsarbeidar som ikkje feirar jul sjølv, skal vere med på å førebu advent og jul i barnehagen? Kan han eller ho nekte?

Enkelte livssyn hevdar at blodoverføring er gale. Dei meiner noko av sjela ligg i blodet, og at blod frå ulike menneske derfor ikkje skal blandast. Viss foreldra til eit skada barn nektar å ta imot blodoverføring etter ei alvorleg ulykke med stort blodtap, kan helsevesenet bli nøydt til ikkje å ta omsyn til ønska til foreldra for å redde livet til barnet. Avgjerda om dette må ein lege ta. Korleis trur du ei slik avgjerd vil kunne verke inn på livet til barnet etter blodoverføringa?


Utfordringar til deg

  1. Diskuter spørsmåla som er stilte ulike stader i denne teksten.
  2. På ungdomsskolen har du lært om dei ulike verdsreligionane og om andre livssyn. Arbeid i grupper og finn stoff om éin religion kvar. De kan for eksempel diskutere ut frå dei følgjande problemstillingane:
  1. Kvar i verda er denne religionen utbreidd?
  2. Har denne religionen trussamfunn i Noreg? Kor mange medlemmer har han?
  3. Skriv ti faktasetningar om religionens innhald, høgtider, markeringar, heilagdommar og om levereglar som han seier at menneska skal følgje.
  4. Presenter gruppearbeidet i klassen.

Relatert innhald

Som fagarbeidar i helse-, sosial- og oppvekstsektoren må du tenkje over kva for verdiar som ligg til grunn for den jobben du skal utføre.

CC BY-SASkrive av Tove Bostad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2020

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse