Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kulturelle faktorar i kommunikasjonen

Lær om kulturelle faktorar som påverkar kommunikasjonen, og utforsk døme på desse.

Del 1. Lær viktige omgrep

Les den relaterte artikkelen om kulturelle faktorar i kommunikasjonen, og lag eit tokolonnenotat der du skriv viktige omgrep i den første kolonnen og definisjonar og forklaringar i den andre.

No har du ei oversikt som kan vere nyttig når du skal finne døme på kulturelle faktorar i kommunikasjonen i dei neste oppgåvene.

Relatert innhald

Gjer alle tre oppgåvene under, eller fordel oppgåvene mellom dykk og presenter det de har funne ut for kvarandre.

Del 2. Utforsk døme på kulturelle faktorar

Menneskesyn: individualisme eller fellesskap?

Sjå på dei ulike reklamane for McDonalds i ulike land (YouTube), og sjå etter forskjellar i korleis dei framstiller menneska:

  • Legg dei ulike reklamane vekt på individet, det å ta eigne val og vere sjølvstendig, eller legg dei vekt på fellesskapen og det å gjere noko saman?

Verdsbilete

Sjå episoden av NRK-programmet Einig som handlar om abort.

Eit vitskapleg verdsbilete kan gjere at vi prøver å forstå og forklare fenomen ved hjelp av fakta og erfaringar. Det gjer òg at vi meiner at vi kan endre på og kontrollere naturen. Eit religiøst verdsbilete er prega av trusførestillingar. Religionar beskriv korleis verda er, men òg korleis ho bør vere, ved å gi retningslinjer for kva som er rett og gale.

  • Finn du døme på dei to ulike verdsbileta i argumentasjonen til dei to deltakarane?
  • Finn du òg likskapar mellom oppfatningar mellom dei to?

Kommunikasjonsstilar

Sjå episoden av NRK-programmet Chattes som handlar om sex. Finn du døme på ulike kommunikasjonsstilar hos deltakarane i programmet?

NRK TV: Chattes – Sex

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse