Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kontorvikar AS lagar resultatbudsjett

Janne og Stine har nyleg teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng hjelp i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige AS, som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester. For å gi dei lån til oppstarten krev banken eit resultatbudsjett.
Jente arbeider med å kopiere dokument i ei kopimaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verken Janne eller Stine har godkjend rekneskapsutdanning enno. For å få det må dei ta ein bachelor i administrasjon og økonomi med vekt på rekneskap. Dei kan likevel leigast inn til bedrifter for å gjere enkle oppgåver, så lenge rekneskapsarbeidet deira blir kontrollert av ein rekneskapsførar.

Jentene bereknar at dei treng pengar til løn, husleige, kontorutstyr, forsikringar, marknadsføring og diverse småutgifter. I resultatbudsjettet deira er det lønskostnaden som er den variable kostnaden.

Det er cirka 1 750 timar i eit årsverk. Av desse bereknar dei at dei må bruke cirka 450 timar kvar for å administrere bedriften. Kvar av dei kan då leige ut seg sjølv som vikar cirka 1 300 timar i året.

Oppgåve

  1. Med utgangspunkt i tala som er oppgitt nedanfor, skal du lage eit resultatbudsjett for bedrifta for det første året.

    • Salsinntekter: Timeprisen deira utan meirverdiavgift er 500 kr, og jentene planlegg å kunne fakturere 1 300 timar i året kvar.

    • Jentene bur og driv bedrift i Alta, så dei betaler ikkje arbeidsgivaravgift. Lønskostnadene blir derfor brutto årsløn for to tilsette. Dei vil budsjettere med 500 000 kr i årsløn til kvar tilsett.

    • Å leige eit lite kontor kostar 8 000 kr per månad.

    • Ei bedriftsforsikring med dei vanlegaste forsikringane kostar totalt 1 000 kr per månad.

    • Bedrifta skal marknadsførast, og til dette set dei av 1 500 kr per månad.

    • Andre driftskostnader bereknar dei til å bli 2 000 kr per månad.

    • Renter på lån: Dei vil låne 100 000 kr til kontorutstyr, og renter og gebyr blir 500 kr per månad.

  2. Kva synest du om resultatbudsjettet? Er alle tala realistiske? Kva blir resultatgrada, og kva synest du om ho?

Løysingsforslag

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Budsjett