Hopp til innhald

Fagstoff

Budsjettkontroll i reiselivsbransjen

Eit budsjett er av liten verdi viss det ikkje blir brukt aktivt gjennom året. For kvar månad som går, skal vi samanlikne budsjettet med rekneskapen. Månadsrekneskapen vil normalt vere ferdig 10–15 dagar inn i neste månad, og vi kan då utføre ein budsjettkontroll eller ein avviksanalyse.
Eit budsjettkontrolldiagram viser korleis ein kan samanlikne budsjett og rekneskap for å kontrollere budsjettet. Dei avvika ein finn i budsjettkontrollen, kan brukast til å korrigere drifta undervegs, eller dei kan brukast som budsjettgrunnlag for neste periode. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor gjer me budsjettkontroll?

Det er mange fordelar med å starte med budsjettkontrollen så fort som mogleg på nyåret. Viss ein aktivitet gir dårlegare inntekter enn forventa, kan vi raskt setje inn tiltak for å forbetre inntektene. På same måte kan det vise seg at nokre av kostnadene har auka utover det som er budsjettert. Då må vi stramme inn på forbruket.

I dømet ser du budsjett- og rekneskapstal for eit lite hotell med 25 rom i Nord-Noreg.

Alle tala er gitte i tusen kroner.

Budsjettkontroll

Kalkulasjon

Budsjett i kr

Regnskap i kr

Avvik i kr

Avvik i %

Salsinntekter:

Overnatting

2 500

2 700

200

8,0

Matservering

900

920

20

2,2

Nordlyssafari

3 200

3 400

200

6,3

Sal av effektar

230

200

- 30

- 13,0

Sum inntekter

6 830

7 220

390

5,7

Variable kostnader:

Overnatting

400

435

-35

-8,8

Matservering

300

320

-20

-6,7

Nordlyssafari

1 500

1 700

-200

-13,3

Effektar

55

48

7

12,8

Sum variable kostnader

2 255

2 503

-248

-11

Bruttoforteneste

4 575

4 717

142

3,1

Faste kostnader:

Løn

2 600

2 650

-50

-1,9

Husleige

1 000

1 000

0

0

Andre administrasjonskostnader

500

565

-65

-13

Rentekostnader

200

210

-10

-5

Sum faste kostnader

4 300

4 425

-125

-2,9

Resultat før skatt

275

292

17

6,2

Skatt

60,5

64,2

-3,7

-6,2

Årsresultat

214,5

228

13,3

6,2

Kommentar til budsjettkontrollen

Generelt har det vore eit godt år for bedrifta. Vêret har vore godt, og talet på turistar til området har vore tilfredsstillande. Inntektene har derfor vore over budsjett for kvar av aktivitetane bortsett frå for sal av effektar. Totalt var inntektene 390 000 kroner over budsjett, eller 5,7 prosent. (Legg merke til at vi reknar avviket i prosent av budsjettet.)

Det er typisk at ein ofte ikkje har same kontroll over kostnadene i ein situasjon der aktivitetane aukar. Dei variable kostnadene auka meir enn inntektene, nemleg med 11 prosent.

Ein nærare analyse viser at kostnadssvikten var mest knytt til nordlyssafarien. Dette kom av at ekteparet som driv føretaket, ikkje bidrog i like stor grad som sjåførar for snøskuterane. Den auka aktiviteten kravde nemleg at dei måtte gjere ein større innsats knytt til overnatting, matservering og kontorarbeid. Kostnadene for leige av sjåførar auka relativt sett mykje. Men sidan bruttofortenesta samla auka med 142 000 kroner, var dei fornøgde.

Dei faste kostnadene auka òg ein del over budsjett. Den totale auken var på 125 000 kroner, eller 2,9 prosent. Overskotet etter skatt blei på 228 000 kroner mot 214 500 kroner i budsjettet.

Ekteparet var fornøgde med dette, sjølv om dei innser at ei strammare styring sannsynlegvis kunne gitt dei eit større overskot.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 25.04.2024

Læringsressursar

Budsjett