Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Kontorvikar AS

CC BY-SA

Janne og Stine har nettopp teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Dei har derfor oppretta sitt eige AS som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester.

I denne læringsstien skal du gjere økonomioppgåver. Først skal du rekne ut kva timepris Kontorvikar AS skal bruke. Når du set opp eit budsjett, må du ta utgangspunkt i forventa inntekter som bygger på prisutrekninga. Når ei bedrift er i verksemd, må dei lage rekneskap og samanlikne dette med det tenkte budsjettet i ein budsjettkontroll.

Til slutt skal bedrifta presentere rekneskapen for banken, og då må det setjast opp etter ein bestemd mal, dette blir kalla ein ekstern rekneskap.