Hopp til innhald

Fagstoff

Likviditetsbudsjett

Kva er eigentleg likviditet? Du skulle gjerne ha betalt tilbake eit lån til foreldra dine, men du har ikkje fått løn endå. Når du ikkje kan betale til avtalt tid, har du dårleg likviditet. I bedrifter bruker vi likviditetsbudsjettet til å kontrollere at vi har pengar til å betale rekningane.
En mann held ein diger magnet som trekkjer til seg pengar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innbetalingar og utbetalingar

Mens eit resultatbudsjett inneheld inntekter og kostnader, er det innbetalingar og utbetalingar som blir viste i likviditetsbudsjettet.

Inntekter får vi når ein kunde kjøper eit produkt frå oss. Innbetalinga frå kunden kan kome samtidig, eller seinare. I ein butikk betaler dei fleste med kort, og då får vi innbetalinga samtidig som inntekta. Ved kjøp på nett kan kundar velje å betale på kreditt, altså å vente med å betale. Viss kundar betaler med til dømes ti dagars kreditt, vil det seie at innbetalinga kjem ti dagar seinare enn inntekta.

Vi har det tilsvarande forholdet mellom kostnader og utbetalingar. Vi kjøper produkt frå leverandørane våre, og dette er då ein kostnad. Vi betaler rekninga først på forfallsdato, og dette kan vere ti, tjue eller tretti dagar etter at vi har fått produkta. Derfor er datoen for kostnadsføring og datoen for utbetaling ofte ulik.

Likviditetsbudsjettet viser behaldninga til bedrifta av likvide midlar (bank- og kassebehaldning), og dermed betalingsevna til bedrifta. Å ha kontroll på inn- og utbetalingane er spesielt viktig i ei bedrift med store sesongvariasjonar.

Refleksjonsspørsmål

Kvifor er det viktig med god kontroll på pengane i ei bedrift med store variasjonar i inn- og utbetalingane?

Nokon vil hevde at likviditetsbudsjettet er viktigare enn resultatbudsjettet. Det viser nemleg om bedrifta har pengar nok til å betale rekningane sine etter kvart som dei forfell.

Arbeidet med likviditetsbudsjettet

Vi utarbeider gjerne likviditetsbudsjettet i eit digitalt rekneark, til dømes i Excel. Utgangspunktet for likviditetsbudsjettet er det månadsfordelte resultatbudsjettet.

Døme på likviditetsbudsjett

likviditetsbudsjett

januar

februar

mars

inngåande behaldning første dag i md.

653 000

95 000

395 000

innbetalingar frå kundar

1 100 000

1 800 000

– utbetaling til vareleverandør

715 000

720 000

– utbetaling til løn

583 000

580 000

– utbetaling til andre faste kostnader

110 000

150 000

– utbetaling til mva., låneavdrag osb.

250 000

50 000

= +/– innbetalingsoverskot/-underskot

–558 000

300 000

= utgåande behaldning siste dag i md.

95 000

395 000

Innbetalingar

Øvste rad i likviditetsbudsjettet heiter inngåande behaldning. Her legg du inn sum pengebehaldning (pengar på konto).

Dei neste kolonnane er innbetalingar fordelte på tolv månader (i kolonnar). Kontantsal vil kome som ei innbetaling i same månad som i resultatbudsjettet. Kredittsal, derimot, vil kome seinare. Ved til dømes sal med tretti dagars kreditt vil det salet bedrifta har i januar, gi tilsvarande innbetalingar i februar.

Hugs at mens inntektene blir førte utan meirverdiavgift, må vi leggje det til på innbetalingane. Innbetalingane i likviditetsbudsjettet skal vise kva som kjem inn på konto hos bedrifta.

Utbetalingar

Du set opp eit tilsvarande oppsett for utbetalingar til leverandørar. Betalingsvilkåra er her ofte ti eller tretti dagar, og det betyr at du kan vente ti eller tretti dagar med å betale. Ved tretti dagars betalingsfrist vil utbetalinga kome i månaden etter kostnaden.

Også når det gjeld utbetalingar, er det viktig å hugse på at meirverdiavgift skal vere med, i motsetning til ved kostnader, som ikkje inkluderer meirverdiavgift.

Du held fram med andre faste kostnader, som løn og utbetalingar av andre kostnader og avgifter. Løn er litt komplisert, for utbetalinga til tilsette er ikkje lik lønskostnaden, ho er mindre. Dette er fordi skatt og arbeidsgivaravgift er ein del av lønskostnaden, men det medfører inga utbetaling til den tilsette. Skatt og arbeidsgivaravgift medfører derimot ei utbetaling til styresmaktene annankvar månad.

Periodisering

Periodisering vil seie å plassere innbetalingar og utbetalingar i den månaden dei høyrer heime i. Stort sett blir utgiftene betalte i same månad som dei er førte som kostnad. Det vil seie at beløpet som er ført som kostnad, blir likt det som blir ført som utbetaling i likviditetsbudsjettet.

Det er nokre unntak. Du må ta omsyn til at husleiga kanskje blir betalt på forskot for eitt kvartal om gongen. Eit kvartal er tre månader. Det vil seie at du betaler husleiga for første kvartal i januar og husleige for andre kvartal i mars, og så vidare.

Når det gjeld forsikring, blir ho betalt kanskje berre ein gong i året, og ho gjeld for eit heilt år fram i tid.

Du må òg ta omsyn til at arbeidsgivaravgifta og forskotstrekket blir betalt for to månader av gongen. Til dømes blir arbeidsgivaravgifta og forskotstrekket for januar og februar betalt den 15. mars.

Ein slik tomånadersperiode blir kalla ein termin. Det er då seks terminar i året. Neste termin er mars og april. Den terminen forfell 15. mai. Tilsvarande går terminane ut året med forfall 15 dagar etter ein tomånadersperiode.

Meirverdiavgift

Når du skal betale ein leverandør for ei levering, må du òg inkludere meirverdiavgift. I tillegg har bedrifta du jobbar for, ein eigen meirverdirekneskap der inngåande meirverdi og utgåande meirverdiavgift blir rekna mot kvarandre.

Skuldig meirverdiavgift blir betalt for to månader av gongen. Til dømes blir for januar og februar betalt den 10. april. (Denne avgifta følgjer tomånadersperiodane som over, men ho forfell til betaling éin månad og ti dagar etter ein tomånadersperiode.)

Utbetalingar som ikkje har ein kostnad

Avdrag på lån er eit døme på ei utbetaling som ikkje er ført som ein kostnad i resultatbudsjettet. Andre døme er privatuttaket til eigaren, utbytte til aksjonærar og investeringar. Viss du skal kjøpe ein bil eller investere i andre varige driftsmidlar, er ikkje dette kostnader, men det medfører utbetalingar som må med i likviditetsbudsjettet.

Kostnader som ikkje er ei utbetaling

Avskrivinga er ført som kostnad, men ho medfører ikkje utbetaling av pengar. Vi kallar dette ein ikkje-betalbar kostnad (kalkulatorisk kostnad). Derfor høyrer ho ikkje heime i likviditetsbudsjettet.

Innbetalingsoverskot

Når du tek innbetalingane minus alle utbetalingane, finn du innbetalingsoverskotet. Dersom dette er negativt, kallar vi det eit innbetalingsunderskot.

Utgåande behaldning

Til slutt summerer du kolonnane. Du startar med inngåande behaldning, legg til innbetalingane, trekker frå alle utbetalingane, og legg til innbetalingsoverskotet eller -underskotet. Då finn du fram til utgåande behaldning, og denne fører du som inngåande behaldning for neste månad.

Utgåande behaldning i likviditetsbudsjettet er den forventa saldoen på bankinnskotet til bedrifta kvar månad neste år. Du kan vise dette grafisk i Excel.

Viss bedrifta bruker , blir utrekninga samanlikna mot det.

Her ser vi ein graf med månadene i året langs x-aksen og likviditet i form av bankinnskot på y-aksen. Grafen viser utviklinga i likviditeten, som i dette dømet går oppover (betrar seg) dei tre første månadene. Deretter viser grafen at likviditeten går ned i fjerde månad, før han stig att i to månader. I den sjuande månaden fell likviditeten kraftig, for så å ta seg opp att til det same nivået innan den ellevte månaden. I den siste månaden av året går han litt ned att. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I modellen under ser du korleis dei ulike tala i resultatbudsjettet byggjer på tal frå delbudsjett. Delbudsjetta kan vere salsbudsjett, varekjøpsbudsjett og budsjett for indirekte kostnader, som alle gir informasjon til resultatbudsjettet i bedrifta. Tala blir vidare brukte som utgangspunkt til likviditetsbudsjettet.

Figuren viser korleis likviditetsbudsjettet blir sett opp med utgangspunkt i resultatbudsjettet som igjen blir sett opp på bakgrunn av ulike delbudsjett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Mal for likviditetsbudsjett

Du kan laste ned mal for likviditetsbudsjett frå Altinn:

Altinn: Last ned dokumentmaler

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen, Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020

Læringsressursar

Budsjett