Hopp til innhald

Fagstoff

Resultatbudsjett

Har du sett TV-programmet "Luksusfellen"? I programmet lagar programleiarane budsjett over inntektene og kostnadene til deltakarane. På tilsvarande måte set bedrifter opp eit resultatbudsjett, som gir oversikt over dei framtidige inntektene og kostnadene deira.
Kvinne ser på PC og ark med tal og grafar. Foto.

Salsinntekter

På bakgrunn av salet tidlegare år, pluss ein eventuell forventa auke i salet, kan vi berekne forventa salsinntekter. Salsinntektene er prisen på det vi sel (salsprisen), multiplisert med mengda vi sel (salsmengda).

Ei bedrift kan ha mange ulike produkt, både varer og tenester. Når vi set opp resultatbudsjettet, kan vi derfor få mange linjer under "salsinntekter". Det er vanleg å summere inntektene i "sum salsinntekter".

Variable kostnader

På bakgrunn av forventa salsmengd kan vi bestemme kva varekostnadene vil bli. Varekostnadene er innkjøpsprisen på dei varene bedrifta skal vidareselje, og utgjer den største av dei variable kostnadene.

La oss seie at vi har ein leiketøysbutikk der vi forventar å selje så og så mange bamsar. Først må vi importere bamsane. Prisen vi betaler for dei, blir då ein varekostnad i resultatbudsjettet vårt. I tillegg må vi hugse å leggje til andre variable kostnader, som toll og frakt, viss det er aktuelt.

Bruttoforteneste

Når vi har lagt inn salsinntekter og variable kostnader i budsjettet, kan vi rekne ut . Somme bruker her omgrepet , men som regel bruker vi ordet bruttoforteneste i samband med budsjett og rekneskap.

Bruttofortenesta er salsinntektene minus summen av dei variable kostnadene. Ho fortel oss kor mykje pengar vi har til å betale faste kostnader, og kor mykje vi sit att med i overskot. Det kan vere interessant å samanlikne bruttofortenesta frå år til år.

Faste kostnader

Dei faste kostnadene er kostnader som vi må betale uavhengig av omsetninga eller produksjonen. Vi må til dømes betale husleige for lokala til leiketøysbutikken vår anten vi har ope eller ikkje. Forsikringar, kommunale avgifter og løn til fast tilsette må òg betalast.

I tillegg kjem finansielle kostnader – først og fremst renter og gebyr på lån. Mange bedrifter har både langsiktige og . Til slutt må vi ta med kostnader, til dømes avskrivingar.

Bedrifta veit kva slags faste kostnader som kjem, og må leggje alle desse inn i budsjettet. Vi summerer alle dei faste kostnadene i linja "sum faste kostnader".

Resultat

Vi reknar ut resultatet ved å trekkje summen av dei faste kostnadene frå bruttofortenesta. Resultatet i eit resultatbudsjett er eit uttrykk for lønsemda i bedrifta, og skal vere positivt. Bedrifter skal ifølgje god rekneskapsskikk drive med positivt resultat.

Oppsettet blir då slik:

Resultatbudsjett

Døme (kr)

salsinntekter

1 900 000

= sum salsinntekter

1 900 000

varekostnad

800 000

andre variable kostnader

150 000

– sum variable kostnader

950 000

= bruttoforteneste

950 000

faste kostnader

800 000

– sum faste kostnader

800 000

= resultat

150 000

Kjelder

Lovdata.no, skattelova

Altinn.no, avskrivingar

skatteetaten.no, avskrivingssatsar

.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022

Læringsressursar

Budsjett