Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kontorvikar AS utfører budsjettkontroll

Janne og Stine i Kontorvikar AS er godt i gang med bedrifta si. Dei har laga resultatbudsjett og ferdigstilt rekneskapen for første halvår av 20xx. For å få best mogleg forståing av økonomien i bedrifta skal dei no utføre ein budsjettkontroll.
Jente arbeider med headset og to skjermar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Om Kontorvikar AS

Janne og Stine har nettopp teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige AS, som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester.

Verken Janne eller Stine har godkjend rekneskapsutdanning enno. For å få det må dei ta ein bachelor i administrasjon og økonomi med vekt på rekneskap. Dei kan likevel leigast inn av bedrifter for å gjere enkle oppgåver, så lenge rekneskapsarbeidet deira blir kontrollert av ein rekneskapsførar.

Kontorvikar AS er lokalisert i Alta og skal derfor ikkje betale arbeidsgivaravgift.

Resultatbudsjettet og resultatrekneskapen for Kontorvikar AS for januar–juni 20xx:

Resultatbudsjettet og resultatrekneskapen for januar–juni

Kalkulasjon

Resultatbudsjett i kr

Resultatrekneskap i kr

Salsinntekt650 000520 250
– varekostnad (løn)500 000498 000
= bruttoforteneste150 00022 250
Husleige48 00048 000
Forsikringar6 0006 000
Telefon017 000
Marknadsføring9 0007 000
Andre driftskostnader12 0009 500
Rentekostnader3 0003 000
= sum faste kostnader78 00090 500
Resultat72 000–68 250
Arbeidsbok

Filer

Oppgåve

  1. Last ned arbeidsboka og opne ho i Excel.

  2. Set inn tal i budsjett og rekneskap og rekn ut prosent av salet.

  3. Rekn ut avvik i kroner og prosent.

  4. Kommenter avvika.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Budsjett