Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prøv deg som sportsreporter

Oppgåva til sportsreporteren er å informere om hendingar og resultat, men også å gi mottakaren ei kjensle av å vere til stades der det skjer. No skal du sjølv prøve deg som kommentator og intervjue vinnaren av ein sportskonkurranse.
Åtte spintarar har nettopp runda hjørna på ein friidrettsbane framfor ein fullsett tribune. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du bruke observasjon og som kjelde i ein reportasje frå ei sportstilskiping. Til slutt skal du lage eit sigersintervju med vinnaren.

Vel ei sportsgrein du liker å følgje med på, og eit arrangement som blir sendt på TV eller nett-TV. Det kan vere ein fotballkamp, ein handballkamp, eit skirenn, eit friidrettsstemne, ein sjakkmeisterskap eller ein annan idrettskonkurranse.

Førearbeid

  • Set deg godt inn i reglane som gjeld i den sportsgreina du har valt. Sett deg òg inn i tidlegare resultat og bakgrunnen til dei beste utøvarane.

  • Sjå nokre TV-reportasjar frå kampar eller meisterskap innan sportsgreina. Noter viktige sportsfaglege omgrep.

  • Noter òg formuleringar som sportsreporterane bruker når dei beskriv det dei er vitne til. Eit godt tips er å vere spesielt merksam på kva ord reporteren bruker for å skildre stemning og kjensler.

Prøv deg som kommentator

  • Slå av lyden på TV-sendinga. Kommenter det du ser på skjermen, slik ein sportsreporter ville ha gjort det.

  • Ta opp kommentarane dine ved hjelp av lydopptakeren på mobiltelefonen.

Lytt saman med ein klassekamerat

  • Gå saman to og to, og spel av opptaka dykkar for kvarandre.

  • Be den som lyttar, om å forklare kva han eller ho ser for seg når han eller ho lyttar til sportsreportasjen din.

Planlegg og gjer eit intervju med vinnaren

No skal du lage eit intervju med vinnaren av konkurransen. Det er klassekameraten din som skal spele den rolla.

  • Tenk nøye gjennom kva spørsmål du vil stille. Kva trur du sjåarane eller lyttarane ønskjer å vite om vinnaren?

  • Gjennomfør intervjua, og gjer opptak på mobilen.

  • Lytt til opptaka saman. Kva er bra? Kva kunne ha vore betre?

  • Korleis var det å bli intervjua? Kva andre spørsmål kunne reporteren ha stilt?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format