Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stop motion med organiske stoff

Ein film består av mange stillbilete som til saman gir inntrykk av å vere levande film. Når du lagar ein stop motion-animasjon, gjer du nettopp dette – produserer og set saman eitt og eitt bilete. Lær meir om teknikken og korleis du sjølv kan lage ein stop motion-animasjon med organiske stoff.

Lag ein animasjon med organiske stoff

I denne oppgåva skal du lage ein stop motion-animasjon som viser oppbygginga av eit organisk stoff eller ein prosess der organiske stoff er sentrale. Det kan til dømes vere ein film som viser oppbygging av glukose eller stivelse trinn for trinn. Døme på prosessar som kan animerast, er danning av plasten polyeten eller fotosyntesen.

Slik gjer du

Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som rører seg litt bilete for bilete. Når du set alle desse bileta saman, ser det ut som ein film. Du kan jobbe åleine, men det er best å jobbe i par eller i ei gruppe; då kan den eine ta bilete og den eller dei andre gjere rørslene.

Døme på stop motion-filmar frå Vimeo
  • «Freeride Skiing at Home» av Philipp Klein. Brukar turutstyr, eit menneske og utklipte bokstavar.
  • «Fresh Guacamole» av PES. Brukar kjøkkenreiskap, leire, menneske og diverse andre gjenstandar.
  • «Sledgehammer» med Peter Gabriel. Prisvinnande musikkvideo frå 1986 som bruker forskjellige teknikkar i animasjonen.

Forslag til motiv i ein stop motion-film

  • skrive eller teikne steg for steg
  • Lego
  • leire
  • molekylbyggjesett
  • frukt/grønsaker
  • godteri
  • menneske (krev svært små rørsler)

Opptakstips

  • Bruk stativ til mobil eller kamera. Stativa med muffer og klemmer på naturfagrommet eignar seg veldig godt.
  • Ver på ein stad med godt lys.
  • Bruk manuelt fokus på kameraet. Zoom inn og still fokuset.
  • Hald fingeren på utløysarknappen og dytt varsamt med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå rørsler i kameraet. Mange kamera har òg stemmestyrt utløysar.
  • Bruk ein ryddig og nøytral bakgrunn.
  • Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.
  • Ta mange bilete, helst eit par hundre – kvart bilete står berre i to ruter.

Når du er ferdig med å ta bilete, legg du dei i ei mappe på eininga di og opnar programmet du skal bruke for å lage stop motion-filmen.

Samansetjing i Microsoft Bilder
  1. Opne Bilder og lag ein ny video (Ny video -> Nytt videoprosjekt).
  2. Legg til bilete du har teke i prosjektbiblioteket.
  3. Plasser bileta i dreieboka (Plasser i dreieboken).
  4. Merk alle bileta.
  5. Klikk på Varighet og skriv inn 0,2 sekund (prøv deg fram med kor lenge bileta skal visast).
  6. Spel av filmen og sjå om du må gjere justeringar.
  7. Legg til musikk, effektar og titlar som du ønskjer.
  8. Når du er ferdig, går du til Fullfør video og lagrar videoen.
Samansetjing i Adobe Premiere
  1. Opne programmet og lag eit nytt prosjekt (File -> New project).
  2. Importer mappa med bileta du har teke (File -> Import).
  3. Merk alle bileta i prosjektmappa, høgreklikk og vel «Speed/duration». Vel 00:00:00:02. Då vil kvart bilete stå i to ruter.
  4. Vel det første biletet i prosjektmappa, høgreklikk og vel «New sequence from clip».

  5. Merk resten av bileta og trekk dei inn i tidslinja (sekvensen).
  6. Spel av og test ut filmen.
  7. Gjer eventuelle justeringar, legg inn musikk/effektar, titlar og så vidare.
  8. Når du er ferdig, går du til File -> Export -> Media, gir fila eit namn og lagrar henne i ønskt format, til dømes .H264. Trykk «Export» og eksporter fila.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2020

Læringsressursar

Produser video – korte format