Hopp til innhald

Fagstoff

Videoblogging og forteljeteknikk

Det er stor variasjon i korleis videobloggarar byggjer opp videoane sine, og i korleis dei uttrykkjer seg.
Her fortel vloggarane Beatriz Neves, Victor Sotberg, Kim Køste og Truls Valsgård korleis dei bruker seg sjølv for å nå ut til målgruppa si.

Videobloggen er ein kombinasjon av fleire medieuttrykk. Levande bilete, lys og lyd er nokre av medieuttrykka vloggaren nyttar seg av. Forteljeteknikk dreier seg om korleis videobloggaren set saman desse ulike uttrykka i videoen sin.

Å ha ein forteljeteknikk handlar om å bruke verkemiddel systematisk. Det handlar om detaljane, til dømes om korleis vloggaren bruker språket, stemma si, kamerautsnitt og kameravinklar, lyssetjing, klipping, ulike lydkjelder og tekst for å utforme uttrykket sitt. Dette vil påverke korleis mottakaren oppfattar bodskapen.

Forteljeteknikk og verkemiddel i videoblogg kan vere ei blanding av medvitne og umedvitne val tekne av vloggaren under produksjonen. Den medvitne produsenten av videobloggar veit at god bruk av desse verktøya kan halde på interessa og skape engasjement hos mottakaren.

Eg-forma som forteljargrep

Eit vanleg forteljargrep på nett er bruken av eg-forma. Ho kjem òg til uttrykk i videobloggen.

Videobloggaren vender seg gjerne direkte til mottakarane ved å snakke rett inn i kameraet. Biletutsnittet til kameraet er gjerne halvnært, for å forsterke kjensla av ein personleg, nær relasjon mellom den som sender, og den som får videoen. Vloggaren snakkar til deg og meg og inviterer gjerne mottakaren til å delta i samtalen ved å be mottakaren kommentere og like det som blir lagt ut.

Repeterer uttrykk

Eit anna grep som mange vloggarar nyttar seg av, er attkjenning og føreseielegheit. Det skaper lojale følgjarar som blir fortrulege med vloggaren sine uttrykksmåtar og bruk av verkemiddel. Vloggaren kan òg bruke ein repeterande, attkjennande måte å introdusere seg sjølv på. Dessutan sørgjer gjerne vloggaren for å publisere jamleg for å halde på fanbasen.

Held det "ekte"

Vloggarar er avhengige av å skape eit autentisk uttrykk og gi mottakarane ei kjensle av at dei tilbyr ekte vare. Nokre vloggarar vil derfor bruke eit amatøraktig uttrykk som eit verkemiddel for å verke autentiske. Dette kan bety at dei i lita grad redigerer videoen, eller at dei med vilje ikkje har optimal lyssetjing eller bilet- og lydkvalitet.

Dersom det blir for "glatt", blir det stilt spørsmål ved autentisiteten. Ein vloggar kan derfor gjerne vise at han eller ho tek ting på sparket og ikkje stiller med eit ferdig skrive manus.

Sjanger i utvikling

Det er få faste konvensjonar for korleis ein videoblogg skal vere. Tilgang til nettpublisering gjer det derfor mogleg å prøve ut, leike seg og eksperimentere med nye former. Overfloda av uttrykk og ulike typar innhald som blir skapt i videobloggar, gjer at videoane tiltrekkjer seg eit breitt publikum.

To bloggarar ser på bilete på eit digitalt kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format