Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein film om klima og flukt

Bruk det du har lært om verkemiddel og retoriske knep til å lage ein film eller ei digital biletforteljing om klima og flukt.

Filmen eller den digitale biletforteljinga skal ha tittelen "FLUKT". Formålet med produksjonen er at du skal vise jamaldra ungdommar korleis klimaendringar kan påverke flyktningstraumar.

  • Produksjonen din skal innehalde faktaopplysningar, foto/illustrasjonar og lydkjelder som er med på å understreke bodskapen.
  • Bilete du fritt kan bruke finn du mellom anna på FN sin Flickr-konto. Sjå lenkje lengst nede på sida.
  • Filmen bør vere mellom 4–7 minutt lang. Bruk det digitale verktøyet du kjenner best for å setje saman bileta dine.
  • Kjeldene du har brukt, skal liggje på ein sluttplakat. Der skal du òg føre opp kven som har teke bileta og laga illustrasjonane og musikken og så vidare som du har brukt.

Korleis ser ein god film om flukt ut?

Denne oppgåva krev at du kombinerer tekst, lyd og bilete på ein slik måte at mottakaren forstår korleis klimaendringar påverkar både einskildmenneske og verdssamfunnet.

For å få til dette må du balansere logos og patos, altså korleis du appellerer til både fornuft og kjensler. Det gjeld både tekstane og bileta du vel ut. Dersom du berre speler på kjensler, kan du risikere at filmen din ikkje verkar truverdig. Dersom du berre speler på faktaopplysningar, kan filmen fort bli kjedeleg og kjennast lite relevant for mottakaren.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020

Læringsressursar

Produser video – korte format