Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein reklamefilm om mediefag

Det er ikkje alltid like lett å velje utdanningsprogram eller programfag. De skal no lage ein reklamefilm som gir andre elevar lyst til å velje mediefag.
Filmproduksjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre elevar samarbeidar om produksjonen.

Filmen skal vere på maks. eitt minutt. Målgruppa er elevar i 10.klasse som skal søke opptak til vidaregåande skule. Filmen skal ikkje innehalde tale, men ta gjerne opp bakgrunnslyd og legg på stemme og musikk i etterkant.

  1. Lag først eit kort manus og ein storyboard som viser dei scenene de vil ha med.
  2. Gjer opptak av scenene.
  3. Finn bakgrunnsmusikk og spill eventuelt inn ei stemme (voice-over).
  4. Rediger filmen i eit filmredigeringsverktøy og lagre han i eit format som kan lastast opp på nettet.

NB!

Dersom de ønskjer å publisere videoen på YouTube, må musikken vere rettigheitsklarert, og dei personane som er med i filmen, må gi samtykke til det.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2019

Læringsressursar

Produser video – korte format